- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Treogtredivte aargang. 1922 /
245

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Upphave til Renæssansen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 Deutsche Geschichte, V i (1894).
2 sst., s. 151.
Upphave til Renæssansen.
for di kommunane var grunnlagt alt so tidleg som i fyrste
helvta av 12te hundraåre, noko for di det kollektive styre i dei
ikkje tyktes so serskilt laga til å løyse samfundsbanda for
einskildmannen. Men Gebhart skimta då i minsto at det
politiske skifte i røynda var eit sosialt skifte: Italia fria seg
ut or feudalismen ; kringUm 1200 var det byane, ikkje feudal
herrane, som sette stempelen på det italianske samfunde.
Karl Lamprecht gjekk endå djupare. Då han skulde
skildre koss Renæssansen vann fram i Tyskland \ då peikte
han på det veldige umskifte i heile samfundslive som kom
med den kapitalistiske umlaginga i handel og handverk.
Han fann i Tyskland i 15de og 16de hundraåre ein yvergang til
nye driftsformer— kreditt-forretningar,kompani-skipnader, hus
industri som alt i hop sprengde sund dei gamle gilde og
lag og førte einskildmannen fram med sin personlege kapi
tal. Og han etterviste koss dermed borgarklassa vart indi
vidualistisk i alt sitt tankeliv.
Denne same voksteren såg Lamprecht i Italia 2, berre at
her feudalsamfundet gjekk til grunns og penge-økonomien
vann på natural-økonomien endå tidlegare enn i Tyskland.
Han fekk ikkje greidd ut synsmåten sin noko nærare for Italia.
Men sjølve grunntanken um samanhengen mellom Renæs
sansen og den nye borgarklassa måtte trenge seg sterkare og
sterkare fram, til større rom dei sosiale umskiftingane fekk
i historia. Henry Thode hadde ein gong serteikna den
franciskanske religionsforma som «Religion desßurgerthumes» 3,
og alt Michelet hadde peikt på at renæssanse-stilen serskilt
fann form i byggverk for den nye pengemannsklassa, bank
mennene i Firenze og senatorane i Venezia. 4 Vil ein ha
greie på upphave tii Renæssansen, er ein nøydd til å granske
det borgarlege samfunde som han voks upp av.
Ein italiansk bokmann, Niccolo Tommaseo, har ein
gong sagt 5 : «Den europeiske kulturen er i stor mun italiansk,
den italianske i stor mun toscansk, den toscanske i stor mun
florentinsk.» Det er gjenom Renæssansen at Italia aller mest
3 Franz von Assisi etc, 2. Aufl., s. 60
4 Histoire de France, VII 214.
5 Archivio storico italiano, nuova serie, XIII 2 (1861), s. 30
17 - Samtiden. 1922.
245

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:32:26 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1922/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free