- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtredivte aargang. 1923 /
495

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - De unge: II. Bjarne Svare: Fedreland

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vurdering må påyrkjast, ein meire levande statstanke innar
beidast, skal ikkje samfunda falla tilbake i eit anarki som
ikkje verda har set maken til sidan hundradår attende.
Den ungdomen som har fylkt seg saman til vern um
dei nasjonale tradisjonane i språk og kultur, står ikkje i
nokor undantaksstode i dette stykket. Ogso han har fått sitt
kjensle- og tankeliv fyllt av det nye som bryt på. Og det er
sjølvsagt ingen ting i vegen for at ogso denne ungdomen
kann ha vidtgåande radikale meiningar utan å koma i strid
med si eiga overtyding. Den nasjonale tanken har sprunge
fram av ei innsyn i kva som er det varande og berande i
eit folks ånds- og kulturliv i det heile. Og det nasjonale
serliv og dei verde som knyter seg til det, vil ikkje bli ut
sett for nokon umfram fåre gjenom ei politisk nyskiping.
Men det skal då likevel segjast at det er ikkje desse ak
tuelle politiske problem som i fyrste rekkje tek interessone
til denne ungdomen. Forklåringa til det ligg i. at bygde
folket, og her blir det fyrst og fremst dei ein får rekna med,
i det store og heile enno ikkje har kjent det moderne livet
so nære inn på seg at det har vorte avgjerande for den
måten det ser og verdset tinga på. Bygdefolket er enno ikkje
innstilt på den fellesaksionen som det moderne samfundet
innbyd til. Det er enno i si tru og tenkjing individualistisk,
ikkje soleis at det krev fritt spelerom for einskildmannens
godtykke, men i det at det helst reknar med dei individuelle
verde. Det trur at den einskilde er eit fyremål i seg sjølv
og har ein personleg utviklingsveg som han fritt skal fylgja.
Det trur at den ærlege manns vilje er ein verksam faktor
og det varande gienom alle skiftingar. Dette er ei noko
anna vurdering av individet enn den materialistiske, og
denne tenkjemåten fører ogso med seg at bygdefolket enno
ikkje ser dei politiske uppgåvone på same måten, i det
same plan som den’ klassemedvitne arbeidaren t. d. ’ Det er
ikkje so mykje dei sosiale kulturuppgåvone som samlar det
i det idelle arbeidet det har teke upp, men meire dei reint
sermenneskelege. Det er ein individuell kultur denne luten
av folket arbeider for og som han vil verkeleggjera. Og her
byd dei nasjonale fyrelogone, odlinga av dei folkelege kul
turtradisjonane seg fram som eit middel til å vekkja kvar og
tin til eit medvite, åndeleg liv. Dette arbeidet blir eit arbeid
De unge. 495

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:33:04 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1923/0503.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free