- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtredivte aargang. 1923 /
496

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - De unge: II. Bjarne Svare: Fedreland

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for å leggja til rette dei ytre vilkåra for den personlege vok
steren til karakter og indre styrke. For kvar den som iseg
sjølv har kjent motsetnaden millom framandt og heimlegt,
blir det norske eit sanningskrav, ei maning til å vera trufast
mot det som er fyresetnadene, det. upphavelege i hans
eige vesen. .
Det er dette etiske momentet i det nasjonale arbeidet
som serleg har gjort det til ei uppgåve for bygdefolket. Ein
kann vel leggja til at so som tilhøva har laga seg, er det
naturleg at dette momentet veg tyngst for denne luten av
folket. Fyrst og fremst for han er det nasjonale eit vokstervil
kår, eit skiljemerke på godt og vondt. Forden som ikkje røter
i dei nasjonale tradisjonane, vil odlinga av desse inga ut
løysing vera. Men rett set er det vel berre ein ørliten part
av folket som ikkje det gjer. For den allerstørste parten er
det norske den sanne natur, den rette livsform.
Det nasjonale er ei utløysing for den einskilde, og det
blir ei frigjering for folket. Frå fyrst av ei einskildmanns
sak, blir det etterkvart ei folkesak, det blir eit politisk spurs
mål som alt det som vedrører ei større gruppe av menneske
i samfundet og grip inn i deira åndelege eller materielle
levekår. So har det gått her i landet det siste hundrad
året. Dei nasjonale tankane har vorte eit program for poli
tisk arbeid, og i politikken vil dei ogso få si fulle utføring.
Det er naturleg at dei spursmål som reiser seg i samanheng
med gjenomføringa av desse tankane, tek mykje av den po
litiske interessa hjå bygdefolket. Nettupp for det er det ting
av stor, av mykjetydande realitet det her gjeld.
I andre land er dei nasjonale helst å finna millom dei
konservative. Forsovidt kløyvinga i høgre og vinstre ikkje
berre har sin grunn i klassemotsetnader og økonomiske
synsmåtar, d. v. s. at ho skulde røma ein verkeleg ideell
konflikt, so vil ein finna at ho heng saman med ein viss
motsetnad i livssyn og ideal som ein kann dekkja med anti
tesen nasjonalisme—internasjonalisme. Høgre har allstad
lagt hovudvegta på nasjonale synspunkt og nasjonale yrke
mål. So har det ikkje vore her i landet. Her har høgre
vore det partiet som minst har freista å innstilla seg etter
dei nasjonale linone.. Det har vore eit reint klasseparti som
496 Bjarne Svare.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:33:04 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1923/0504.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free