- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtredivte aargang. 1923 /
498

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - De unge: II. Bjarne Svare: Fedreland

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nettupp kjensla av samanhengen millom individ og folk, det
er medvitet um at den einskilde i minne og inntrykk, i ætt
og evne er bunden til det landet som fostra han. Det er
vyrdnad for historia. Dette er for sume berre fordom og
trongsyn. Men ein må då segja at krigen viste at enno har
dei nasjonale fordomane eit sterkt tak på folka. I liding og
striding, i offer og død stadfeste miljonar av menneske at
deira høgste tru, deira mest forklåra von var fedrelandet og
framtida åt det folket dei kalla sitt. Og kanskje er det ikkje
berre fordom. Kanskje er det tilfelle at den utviding av
manns umsut som den nasjonale tenkjemåten er, den er eit
naudsynleg fyrestadium til den sanne verdsborgartanken.
- Den nasjonale rørsla her i landet har sine serlege fyre
setnader i historiske tilhøve som det her er uturvande å gå
nærare inn på. Og ho har sin sermerkte framgang ut frå
desse fyresetnadene. Men ho er likevel ikkje noko isolert
fenomen. I flestalle land er det liknande rørslor, i Danmark
t. d., i Tyskland og Frankrike. Det er Frankrike som har
gjeve oss sjølve ordet nasjonalisme. Her har det vorte
nemne for den heimvending i fransk folk som har gått fyre
seg den siste mannsalderen. No, i Frankrike løyner det seg
vel og noko av bakstrevet under den moderne nasjonalistiske
forkynninga. Men i røynda er det som går fyre seg ei upp
løysing av den ekstreme intellektualismen som nådde si høgste
høgd her. Det er den utvikling mot ein høgre individualisme
som Nietzsche tenkte på, når han forma paradokset um at
nasjonalismen er ei form av eksotisme. Og bak ligg ei sunn
sannkjenning av kva som er det berande i eit folks liv: den
nasjonale samkjensle, ei etisk vurdering av individet sitt til
høve til samfundet. É
Vi finn ikkje noko heilt motsvarande til dette hjå oss.
Vår intelligens har ikkje fylgt soleis med og havt den este
tiske utviklingsgangen som har ført til dette standpunktet.
Det nasjonale strevet er her natur, det er det som Spengler
kallar Provinzialismus. Men i sjølve saka kjem det ut på
eitt. Ogso her har det vore eit vern um det heimlege, det
har vore eit motarbeid mot at det moderne materialistiske
synet skulde bråtaka folket. Det har vore eit arbeid for å
styrkja livskraftene i det. Det er heimbygdskultur og heim
bygdskjærleik som skal skapast. Dette er programmet for
498 Bjarne Svare.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:33:04 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1923/0506.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free