- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtredivte aargang. 1923 /
500

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - De unge: II. Bjarne Svare: Fedreland

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det nye som kanskje har kome til dei siste åra er ei
auka visse hjå den nasjonale fylkingen for at arbeidet hans
ligg i den rette leida. Han har set det samanbrotet som
krigen var, har kjent den domen han bar over ei sjølvkjær
og nytingssjuk ætt. Kor tydeleg har ikkje dei siste åra mint
oss um at den einskilde er ikkje seg sjølv nok! Dei har
mint oss um våre plikter og vårt ansvar, lagt bører på oss
som ættleden fyre trøytt forklåra at han ikkje vilde vita av.
Dei har mogna våre tankar um sosial samanheng, har gjort
klårt for oss at vi kvar iser er det vi er i relasjonen til
andre. Det nasjonale arbeidet har alltid vore bore av med
vitet um dette. Folket er upphavet og endemålet for den
einskilde og hans arbeid. Ikkie i isolasjon og vanvyrdnad
for folket vart dei verkelege kulturverdiane skapte, men i
kontakt med det, i tru og kjærleik til det.
Dette er ein liten freistnad på å syna kva som er viljen
og innhaldet i den nasjonale rørsla. Mykje kunde sakte
leggjast til, men vonleg gjev det litle som er sagt likevel ei
fyrestelling um kva det er som her ovrar seg. Kultur
striden her i landet har til dels vore ein strid um gamalt og
nytt, um bondekultur og bykultur, men problemet går dju
pare enn dette. Til sist er det spursmålet um det åndelege
livs framvokster, um vilkåra og lovene for sedeleg styrke og
sjeleleg odling. Her har kvar sine meiningar. Men det
gjeld å sjå til at ikkje desse verde blir mismætte i evolu
sjonens og revolusjonens dagar, for i dei ligg det eine naud
synlege. Og so skulde det til slutt gjerne vera sagt at kva
standpunkt ein enn tek til den nasjonale rørsla, so skal ein
medgjeva at ho rømer mykje av det beste og livssterkaste
i folket vårt. Den tru og von og den ærlege viljen til å byggja
landet i trufast arbeid som fyller mykje av norsk ungdom,
det er ein lovnad for framtida åt folket, det er ei dagrand
over dess liv.
Bjarne Svare.
500 Bjarne Svare: De unge.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:33:04 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1923/0508.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free