- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Seksogtredivte aargang. 1925 /
167

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Idar Handagard: Jordi døyr og jordi liver

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

JORDI DØYR OG JORDI LIVER.
Du jord, som sviv allveg i same far
og gieng i ring og alltid vende
som ættvill mann til same stad attende,
kva er du anna held ein kyrkjegard?
Ein gong du alle dine daude brende,
men gravlegg helst alt livlaust no
til mannen bryt den lange, myrke ro
og grev dei morkne visner fram i dagen.
Ein ovheit eld du var, ei glod du vart
og enno varm du saud og bolna.
Men yta storkna smaatt i senn og kolna,
vart graasteins-hard og helekvit og svart,
og alle dine rukkor tok te molna.
Og vatnet sleit veg mange drag
og bar det maadde burt fraa sol og dag
og gøymde det djupt ned paa havsens grunnar.
Du livde, men det var eit stusslegt kav,
du sveiv som aude klot i rømdi.
I harde skorpa ingi blomar blømde
og inkje kvikjend’ fannst paa land og hav.
Men fyrste livsens ovring var i kjømdi.
Kven veit koss ukvikt vart til kvikt
og livet kveiktest armt (og sidan rikt)
av vatn, sol og jord den fyrste vaardag !

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:34:16 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1925/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free