- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
596

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TIL MINNE UM DEN AMERIKANSKE
REVOLUSJONEN.
Her i lande støkk vi for orde revolusjon, og vi veit mest
ikkje noko verre å segje um ein mann enn at han er
revolusjonær, då slær alle gode borgarar kross for seg.
Elles i verda høyrer revolusjonane til dei byrgaste minna
i den nasjonale historia. Eg tarv berre nemne den en
gelske revolusjonen i 1688, den franske i 1789, den svenske
i 1809, og serleg den som vi blir minnt um no i år, den
amerikanske revolusjonen for 150 år sidan. Det fins ikkje
ein amerikansk borgar han kann vere so konservativ som
han vil som ikkje er kry av den revolusjonen forfedrane
hans sette i verk i 1776.
Men her hos oss vil vi aldri vere ved at vi nokosinne har
gjort revolusjon. Vi har no ikkje vore so svære til det heller.
Vi har helst vore no’n godsauer til å bøygje oss for dei her
rane som vart sett yver oss. Vi kann ikkje på nokon måte
mæle oss med grannane våre i Sverike som mest kann briske
seg med ein revolusjon i kvart hundreår av historia si. Og
endå blir vi reint harme um nokon vil kome og fortelje oss
at vi nordmennene gjorde revolusjon i 1814 og i 1905.
Å ja, revolusjonen i 1905 var no ikkje so stor heller, han gjekk
ikkje so djupt. Men i 1814 der er det just æra vår at
vi stridde og vann siger for ein ny rettstanke som elles i
Europa vart trakka under fot, den store tanken um folke
suvereniteten, nett same tanken som vann den fyrste
store sigeren sin i den amerikanske revolusjonen. I dette

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:08 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0604.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free