- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
602

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Koht.
ikkje berre i Amerika, men likso vel i Europa, —vi kjenner
det godt nok ifrå vår eiga norske historie.
Men det var ei sprengkraft i denne læra som kunde føre
endå lenger fram. Det folke som reiste seg til strid for su
vereniteten sin, det kunde nok frå fyrsten vere berr eden
parten av folke som var økonomisk og sosialt sterkast. Men
snart måtte spursmåle vakne um ikkje heile folke hadde
part i suvereniteten og skulde vere med i styringa. Det
syner seg at den gamle rasjonalisten Benjamin Franklin, ein
av førarane i 1776, let seg drive med av logikken i læra, so
han til slutt kravde valrett for alle mann i folke. Smått
um senn vart striden for folkesuvereniteten til reint demo
kratisk politikk. Det drog konsekvensar etter seg å gjere
revolusjon; nye makter lyfte hovude og vilde ha vinning,
dei og, av dei nye tankane.
Tanken um mannjamn valrett hadde elles ikkje rot berre
i folkesuvereniteten. Det var eit krav som likso vel voks
upp or den personlege fridoms- og likskaps-tanken, den
stigande verdsetninga for kvar einskild mann som gav han
større rom og rett i samfunde. Og ein skal legge merke til
at sjølve formale for den regjerings-skipinga som amerika
nane i 1776 vilde gje folke herreretten yver, det var nett
fyrst og fremst dette : likskap og fridom for kvar ein mann.
Kanskje ikkje i noko anna aktstykke er alle desse revolu
sjonære krava so sterkt sambundne som i den amerikanske
sjølvstende-kunngieringa.
Fridom og likskap det og var eit revolusjons-program
som kunde føre langt, mykje lenger enn mange ynskte, um
det for alvor skulde bli sett ut i live. Og han som sette
programme for den nye amerikanske nasjonen, Thomas
Jefferson, han meinte alvor med det. Han vilde jamvel at
likskap og fridom skulde gjelde for negrane med, og difor
hadde han vilt ta inn imellom klagepostane imot den engelske
styringa, at ho hadde gjeve løyve til handel med negertrælar.
Det måtte han la gå ut att, det er eit av vitnemåla um
at interesser lett blir sterkare enn prinsipp. Men tanken
døydde ikkje for det; han var no ein gong vekkt, og det var
eggings-makt i han.
Vi står her framfyre noko som vi vel mest torer kalle
602

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:08 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0610.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free