- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
603

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Til minne um den amerikanske revolusjonen.
ei historisk lov. Kvar einaste revolusjon når han då
ikkje er so tam som den norske i 1905 må skape seg eit
rettsgrunnlag i so ålmenne tankar og krav so dei i røynda
femner mykje vidare enn viljen frå fyrsten går. Den revo
lusjonære reisinga rører alltid upp mykje meir enn ho ende
fram stiler imot. Og den klassa som gjer revolusjonen, kann
med redsel kome til å sjå at nye klasser reiser seg og vil
vere med. Det er dette som so titt fører revolusjonen fram
til nederlag; for det kløyver sjølve revolusjonsmaktene, og
jamleg går det då so at dei som fyrst reiste striden, blir so
skræmde av fylgjene, so dei går yver til motstandsflokken
og vender våpna imot dei endå verre revolusjonære. Det
einaste som då kann berge revolusjonen, det er at motsetninga
mellom upprøre og dei gamle makthavarane er so kvass so
denne kløyvinga i upprørstlokken ikkje kjem med det same,
men fyrst når sigeren er vunnen. Soleis gjekk det i Noreg
i 1814, og soleis gjekk det i Amerika. Her kunde difor re
volusjonen bli førd til endes.
Det er greitt nok at det store vedtake frå 4de juli 1776,
so mangfelt som det var i tanke-innhalde, for seg sjølv ikkje
kunde sette meir i verk enn det nasjonale upprøre, lausriv
inga ifrå England. Men sjølvstende-kunngjeringa var då og
berre ein led i heile den store amerikanske revolusjonen.
Ja, sjølve den nasjonen ho tala um, stod i røynda slett ikkje
ferdig endå. Han kunde nok skilje seg ut; men han greidde
ikkje med det same bygge upp ein fast riksskipnad på brei
nasjonal grunn. Det måtte bli ei sak for kvar ein av dei
trettan koloniane som no vart til statar, å gjenomføre i
gjerning dei grunnsetningane for statsstyring som utsendin
gane deira hadde forkynt den 4de juli.
Og koloniane var i gang med verke alt fyre den 4de juli.
Smått um senn fekk dei seg grunnl o v e r, alle trettan. Og
sjølve dette var noko nytt i verdshistoria, eit nytt ut
slag av den systematiske, rasjonelle tenkninga som sermerkte
det 18de hundreåre. For desse amerikanske grunnlovene er
dei eiste stats-grunnlovene i verda. Vi kann nok ettervise
historiske mønster for dei; vi treng for so vidt ikkje gå len
ger burt enn til dei styrings-lovene som den engelske regjer
inga hadde gjeve sjølve koloniane i Amerika, og det er mer-
603

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:08 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0611.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free