- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
604

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Koht.
keleg nok at eit par av desse koloni-lovene frå 1660-åra var
sopass brukande so dei kunde stå som stats-grunnlover langt
ut i 19de hundreåre. Men det var då noko anna å sette upp
grunnlover for frie statar enn å berre ta imot styrings-reglar
for ein koloni. I dei frie grunnlovene var det at folke-suve
reniteten steig fram i liv og gjerning. Og desse amerikanske
grunnlovene vart mønster for den revolusjonære nyskipinga
i Europa straks etter. Dei vart samla og prenta i fransk
umsetning tidleg i 1780-åra, og det var slik ei fransk utgåve
som Eidsvolls-mennene frå Bergen hadde med seg til den
norske Riksforsamlinga i 1814. Vi kann liksom fylgje fare
etter revolusjonen frå Amerika yver Frankrike hit til Noreg,
det er same ånda og same forma alle stader.
Den eiste av desse grunnlovene var den som vart ved
teken for heimstaten til Thomas Jefferson, Virginia, alt i juni
1776. Og ho gav klår form for den ånda som rådde i revo
sjonen. For i brodden for denne grunnlova vart sett heile
samlinga av revolusjonære prinsipp, den høgtidelege frå
segna um dei naturlege menneske-rettane.
Mange stats-tenkjarar hadde skrive um desse menneske
rettane; her var det endeleg ein stat, eit folk, som tok dei
til grunnlag for statsskipnaden sin. Etter Virginia gjorde
andre amerikanske statar like eins, og Frankrike fylgde fyre
døme i 1789, menneske-rettane vart program for den
europeiske folkereisinga og.
Men den virginske retts-forkynninga er ikkje berre den
fyrste i sitt slag, ho er kanskje dessutan den som klårast ser
merker tenkemåten frå 18de hundreåre. For i eitt av punkta
sine segjer ho, at inkje folk kann i lengda halde uppe fri
domen sin, utan det «jamt rettar seg etter ålmenne grunn
setningar». Her er beint fram sett upp det krave at ein stat
skal fylgie visse prinsipp, at statsstyringa skal bygge på
faste samfunds-tankar. Det er forma ut so teoretisk so ein
mest vil smile åt det. Men det er revolusjons-ånd i det; det
er domen yver all kompromiss-politikk, det er den fylgje
strenge viljen sett yver slumpen og tilfelle.
Og kva er det so for ålmenne grunnsetningar som staten
skal bli styrd etter? Det er på den eine sida folkesuvereni
teten, og på den andre sida fridomen. Det fyrste punkte
604

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:08 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0612.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free