- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
605

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Til minne um den amerikanske revolusjonen.
segier: «Alle menneske er av natura like frie og sjølvsten
dige, og dei har visse medfødde rettar som dei ikkje kann frå
skrive etterkomarane sine.» Viktigaste retten er fridomen,
og menneskeretts-forkynninga går aller mest ut på å forme
fridoms-rettane i det einskilde, slike som religionsfridom,
pressefridom og avdøminga av alle ervelege fyrerettar.
Desse menneskerettane er rake motsetninga til den eldre
styringsskikken, dei er sett upp til vern imot politisk valds
makt. Og folke søkte hjelp i desse grunnsetningane når det
på nytt vart fare for kuing og trælking.
Det hende i Amerika straks i dei fyrste åra etter sjølv
stende var vunne og fridomen grunnlagd, at det vart teke
upp eit sterkt arbeid for fast nasjonal samskiping. På mange
måtar var dette arbeide berre ei naturleg frukt av framvok
steren gjenom fridomsstriden. Men mykje hadde det upp
have sitt i redsel for fylgjene av den nye fridomen. For
underklassene hadde teke til å reise seg til strid for dei ret
tane som revolusjons-programme lova dei. Det var beint
fram upprør i sume av statane. Og yverklassene ropte på
nasjonal samling, so dei kunde få makt til å kue upprøre.
Dette var ei av fyresetningane for den unions-skipnaden som
fekk lovs makt i 1788.
Men folke reiste menneskerettane til vern for seg. Og
motstande var so sterkt so det lukkas ikkje å få unions
grunnlova vedteken, utan på det vilkåre at dei viktigaste fri
domsrettane vart knytt attåt.
So kunde ein då tru at ingen stad i verda skulde fri
domen vere so godt trygga som i Amerika. Og Amerika
kom lenge til å stå for menneska som det store fridoms-lande
på jorda. Dei «ålmenne grunnsetningane» som statsstyringa
vart bygd upp på, førde lenger og lenger fram imot fullt
folkestyre med både likskap og fridom.
Likevel kann vi nok sumtid kome til å spørje oss
sjølv koss det no i grunnen står til med menneskerettane
burt-i Amerika. Ein og annan gong, tiare enn vi vilde ynskje,
hender det ting som syner at jamvel slik ein grunn-rett
som tenke- og talefridomen slett ikkje er so trygg der
burte. Vi treng ikkje feste oss berre ved dei uregelrette
vilkåra som rådde den-tid lande var med i verds-krigen,
605

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:08 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0613.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free