- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
127

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2 Aktstykke, s. 59.
8 Uprenta.
Uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819.
Nordmennene, som meinte seg forhandle for Noreg
åleine, dei kunde sjølvsagt ikkje finne det rimeleg å rekne
med den vinningen som Sverike hadde havt av å få lov
nad på Noreg, og dei stod fast på påstande sitt. Og den
danske regjeringa gav etter. Kongen hadde sagt, då han
dryfte fyrelegge frå Ilte august, at han vilde ikkje at «nogen
videre Eftergivenhed skal viises» før Kiel-traktaten var klårt
godkjend 1. Slik ei godkjenning fekk han og, som rimeleg
var, ifrå den svensk-norske kongen 2. Men det hadde han
ikkje stor glede av. So titt den danske regjeringa vilde nytte
denne godkjenninga til grunnlag for pengekrave sitt, so viste
den svenske regjeringa berre til Noreg, og sa at Noreg hadde
ikkje dermed fått nokon ny skyldnad på seg. Korkje dei
norske statsmaktene eller dei utsende forhandlarane i Kjøpen
hamn gav nokosinne ei godkjenning av same slage, og den
danske regjeringa måtte finne seg til rettes med desse vilkåra.
So hadde ho no fått rekna ut for seg, at det gjorde like
vel ikkje so stor ein skilnad med noko meir eller noko
mindre, fyrst ho hadde teke til å lempe på retts-tolkinga si.
Når ho gjorde upp statsgjelda etter dei reglane ho hadde
gått med på den Ilte august, fekk ho eit krav på Noreg på
6XA million species. Gjekk ho heilt yver til det norske prin
sippe, måtte ho slå av til 52/ s million, tape vart ikkje
fullt 650000 species. «Da Differencen ikke er betydeligere,»
heitte det i eit nytt fyrelegg for kongen den 15de september 8,
og «nåar ei anderledes kan være», so vilde regjeringa gje
umbodsmennene sine fullmakt til å gå heilt ut med på det
norske krave, i minsto for all penge-mellomvera, annarleis
kunde det vere med aktiva av anna slag.
Men no var det ikkje lenger tale nm at Danmark der
med skulde gje upp Kiel-traktaten. Dei danske forhandlarane
fekk tvertimot pålegg um «at de derhos have at tilkjende
give, at de ikke antage i Principet, at Pengetilgode
havender skulde komme til Afdrag i Statsgjelden; men at
denne Eftergivenhed, som Sverrig ikke kan ansees berettiget
at fordre eller vente, maatte af de svensk-norske Kommis-
1 Uprenta skriv ifrå Rosenkrantz til dei danske forhandlarane 12te au
gust 1815.
127

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free