- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
129

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Uppgjerda um den dansk norske statsgjelda 1815—1819.
ning 1 skulde det no vere i minsto tett innpå femteparten av
statsinntektene som hadde kome ifrå Noreg. Men so mykje
som ein tridjepart av heile gjelda kunde det ikkje då vere
rimeleg å krevje. Og sanninga er at danskane aldri hadde
tenkt på å nå fram med slikt eit krav, dei vilde berre ha
prutningsmun2. I røynda hadde dei meint dei skulde ha
fjordeparten, medeltale av tridjeparten og femteparten,3
og det var på dette grunnlage dei hadde sett upp rekninga
si um dei 52A million som Noreg burde betale4. Den norske
forhandlaren Løvenskiold hadde tenkt seg litegrand mindre
enn fjordeparten (V2l) til grunnlag5, so i dette stykke var då
skilnaden millom partane ikkje so stor.
Men so tok nordmennene upp eit rettsprinsipp som ikkje
var nemnt i Kiel-traktaten, eit prinsipp som nett i våre
dagar har meldt seg med stor styrke i slike mellomfolkelege
gjelds-upgjerder, og som difor vi kanskje betre kann verd
sette enn dei vanleg kunde for hundre år sidan, det var
prinsippe um betali ngs-e v na.
Det var eit umsyn som danskane ikkje tykte dei hadde
nokon ting med, nett for di dei for sin part heldt seg til
Kiel-traktaten. Dei visste inderleg godt at det var meir enn
vanskeleg for Noreg å finne utveg til dei millionane det her
var spursmål um6. Men, sa den danske statsministeren, «vi
har ingen ting å krevje av Noreg, det er ikkje dette lande
vi har kontrakt med» 7. Danmark hadde gjort traktaten med
kongen av Sverike, og det fekk bli hans sak kvar han tok
pengane ifrå. Då den danske ministeren i Stockholm, Hans
Krabbe, i oktober 1815 fekk melding ifrå statsminister Rosen
krantz um at no var det von um at gjeldsforhandlingane
skulde kome til ein endskap, for no heldt dei på med sjølve
realitetane, då svara Krabbe med ei von um at det måtte
2 Dette er reint ut sagt i ei melding frå formannen for dei danske for
handlarane, Ove Mailing, til Rosenkrantz 26de sept. 1815.
4 Melding frå dei danske forhandlarane Ilte sept. 1815.
5 Meldinga frå Mailing fra 26de sept. 1815.
6 Uprenta skriv frå Rosenkrantz til den danske ministeren i St. Peters
burg 6te januar 1816.
7 Uprenta skriv til den same, 2dre april 1816. Ministeren i St. Peters
burg hadde skrive mest ordrett det same til Rosenkrantz 19de mars s. å.
3 Utgreiinga frå 15de mars 1815.
Den fyrr nemnde utgreiinga frå 15de mars 1815.
129

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free