- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
132

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Frå 15de sept. 1815.
4 Aktstykke, s. 100—01.
Halvdan Kont.
Det har jamleg vore sagt at Noreg dermed slapp urime
leg lett. Men det er berre atterklang etter dei danske klage
måla frå uppgjerd-striden. Den gongen då det aller fyrst,
etter upptak frå Løvenskiold, vart tale um å gjere upp heile
mellomvera med ein rund sum, då slo dei danske forhand
larane fyrst på at 7 mill. species, umfram bankgjelda, kunde
vere høveleg. Men det var no alt i fyrstninga på juli 1815,
fyrr dei endå hadde gått med på å gje frådrag for aktiva.
Etterpå hadde statsminister Rosenkrantz nemnt for kongen,
at dei kunde vel for det fyrste nøgjes med å krevje ein sum
på 6 mill. og endå ha ein prutnings-mun, «Men herom
kan jeg ey tale i Stats-Raadet formedelst L.[øvenskiolds] För
bindelser,» står det iei uppskrift av han1 . Han hadde då
nett fått den utrekninga frå dei danske forhandlarane som
sette det sanne danske krave på Noreg til noko mindre enn
4Vs mill. sp. umfram bankgjelda, so ein ser at prutnings
munen var rett stor. Og tolv dagar etter skreiv han til dei
danske forhandlarane, at kongen gav dei fullmakt til å gå
ned til 47a mill. sp. 2 I røynda gjekk dei ikkje lenger ned
enn til 5 mill., og dette tilbode ser det ut til at dei norske
forhandlarane vilde gått med på 3. Men regjeringa heime
sa nei, ho visste ikkje kvar ho skulde få so mange
pengar ifrå.
Offisielt hadde dei danske forhandlarane til då tala um
at Noreg skulde bere tridjeparten av gjelda. I 1819 sa dei
ifrå um at dei meinte berre fjordeparten. Men endå rekna
dei no ut, at det skulde kome 53A mill. sp. på Noreg, umfram
bankgjelda 4. Når ein ser dette krave i ljose frå dei gamle
utrekningane, so blir det berrsynt nok at her var på nytt
ein stor prutnings-mun. Meininga var å få 4Vs mill. eller
ein grand mindre. Noreg baud 1 mill. Og stormaktene sa
at det fekk bli 3. Det vil segje at Noreg kom til å betale
setteparten av den gamle statsgjelda, slik som danskane hadde
rekna ho ut, soleis utan umsyn til alle faste aktiva.
Um no dette i sanning var for mykje eller for lite, det
har vi endå i dag ikkje kunnskap nok til å uttale oss um.
~ Skriv frå Rosenkrantz til Mailing 27de sept. 1815.
3 Mailing gav dei det skriftleg den 7de oktober 1815, og den eine av dei
drog straks til Christiania med det.
132

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free