- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
135

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Uppgjerda um den dansknorske statsgjelda 1815—1819.
gjort avtala i eigenskap av norsk konge, avtala gjeld like
godt for det.»
Berre ein einaste artikel i Kiel-traktaten vart endefram
stadfest, det var den um dei norske arkivsakene i Dan
mark. Men denne stadfestinga var formelt tvitydig; ho
turvte ikkje vere bygd på at Kiel-traktaten hadde rettskraft
i tilhøve mellom Danmark og Noreg, ho kunde likso
gjerne ha den meininga at Kiel-traktaten elles just ikkje
galdt for Noreg, so denne artikelen fyrst no fekk retts
kraft.
Men dette gjeld um avtala i det heile: ho slo ikkje
fast rettsgrunnlage åt nokon av partane. Danmark vilde
aldri sleppe det fotfeste det hadde i Kiel-traktaten, og det
hadde for so vidt god grunn til å halde fast på han, som det
var berre med hjelp av denne traktaten at det kunde be
stormaktene um å gripe inn. Men det lukkas aldri for det
å få Noreg til å godkjenne Kiel-traktaten som grunnlag for
gjelds-uppgjerda. Sverike kunde aldri vri seg heilt burt ifrå
denne traktaten, endå so mykje dei svenske statsmennene
streva for det. Men so heldt dei Sverike utanfor gjelds-for
handlingane alt det dei berre var god for. Det var noko
med det fyrste det svenske utanriksstyre gjorde, med det
same avtala frå 1819 var ferdig, at det sende rundt i Europa
ei lang utgreiing som skulde syne at Sverike ikkje hadde
noka betalingsplikt imot Danmark. Og i samsvar med denne
politikken var det at uppgjerds-avtala straks vart ratifisert i
reint norsk statsråd. Dermed vart det gjort klårt i forma,
liksom alle kunde sjå det i innhalde, at avtala var ei reint
norsk sak, Sverike hadde ingen ting med ho å gjere.
Det var ei lukke for dei norske sjølvstende-krava, at det
soleis straks etter 1814 kom ei viktig politisk sak som beint
fram gjorde Sverike interessert i å la Noreg rå seg sjølv.
Nett i det rettsspursmåle som her låg fyre, var norsk og
svensk interesse nøgje sambundne. Difor kunde uppgjerd
saka bli førd til endes soleis at Noreg aldri lét seg drive burt
ifrå det rettsgrunnlage som det for heile si framtid var nøydt
til å halde tak i, at ikkje Kiel-traktaten, men norsk folke
vilje hadde gjeve lande det rome det hadde mellom dei
europeiske statane.
Uppgjerds-avtala frå 1819 blir soleis eit forvitneleg døme
135

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free