- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
214

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lurs Eskeland.
I våar tid hev me havt mykje tungt aa bera, og mange
er trøytte. Det er tvillaust ein av grunnane til at so mange
no rundt ikring paa jordi stansar framfor den katolske kyrkja
og synest at ho hev ei aasyn som er meir dragande enn alt
anna som i verdi finst, med majestet og mildskap i under
full sameining. Dei tykkjer at ho eig hugsvaling utan like
for den som trøytt er, so dei er glade for at dei fær leggja
seg inn til henne som barn i morsfang. Og dei segjer og
sannar: det finst ikkje so trygt eit morsfang i verdi.
Dette maa ha ein grunn, ein god grunn. Lat dei so
lasta det, dei som tykkjer at last-ord høver. Grunnen vert
ikkje mindre god for det.
Ja det er autoriteten, segjer dei. Menneskjeleg autoritet?
Er det so lett for moderne menneske, anten dei so meir er
trøytte eller ikkje trøytte, aa roa seg og kvila seg ut under
vengjene av menneskjeleg autoritet? Og korleis i all verdi
kann ein slik autoritet halda seg uppe i 1900 aar og sameina
hundrad-tal millionar menneske til ein brorskap som aldri
elles hev set liken sin? Det maa daa i minsto vera forunder
leg, noko aa stussa yver.
Lat det so vera, svarar gjerne ein og annan. Men den
katolske kyrkja høver i minsto ikkje med germansk folke
lynde. Og slett ikkje høver ho i Norderlandi. Her er dess
utan lutherdomen so grunnfest, at katolicismen berre vert
eit minne, i mange stykke eit vent og godt minne, men i
alle tilfelle ikkje noko som kann bløma upp med ny livsmakt.
At ein og annan kann mistyda baade seg sjølv og folket sitt
og heile aandsstemna i samtidi so mykje at dei søkjer inn
til «Moderkyrkja» (dei gløymer aldri gaasaugo), det hev ikkje
noko aa segja. Det kann vera leidt at dei gjer seg sjølve
übrukelege tii alt arbeid for folkereising og framgang i fedre
landet, men det er ei sak for seg.
Det er underleg at den katolske kyrkja skulde høva sa
lite med germansk og norderlendsk folkelynde i våar tid, nåar
ein minnest det gode samhøvet fyrr. Under dei signande
hendene hennar reiste den norske folkehugen seg i si største
høgd, i sin beste styrke og fagerdom. Eller hev me nokon
gong greidt noko meir enn daa me bygde stavkyrkjone, og
Kristkyrkjone i Bjørgvin, Stavanger-domen, og Nidaros-domen,
den mest underfulle bygning i Nord-Europa? Det var ein
214

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free