- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
215

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Katolicisme og möderne menneske.
grunnkristeleg og grunnkatolsk tankegang og kyrkjeskikk, ei
fullbori katolsk tru som reiste Nidaros-domen, og ikkje i minste
maate ei von um at det ein gong kunde koma ein biskop
Gleditsch og halda nokre gode preikor der. Kvar einaste
katolsk kyrkja i verdi, Nidaros-domen ikkje mindre enn andre,
er fyrst og fremst bygde for den katolske messa og for eu
charastien med Kristi ævelege nærvære paa jordi i det høg
heilage sakramentet. Og ei tru og eit livssyn som bar Hei
lag-Olav og biskop Eystein uppe og gav folkehugen kraft til
aa ala fram Draumkvedet og Kongespegelen, maatte høva
ovleg vel med norsk folkelynde. Og elles maa ein undra seg
yver at den katolske kyrkja høvde for alle germanske folk
fyre det 16de hundra-aaret men ikkje seinare, og kvifor ho
heile tidi hev høvt for sørtyskarane, som er meir germanske
enn nordtyskarane. Ikkje mindre maa ein undra seg yver
at ho sankar store skarar av dei germanske folk inn i sitt
moderfang no alt, t. d. i Holland og England og Nord-
Amerika. Og kardinal Newman var korkje ein mindre mann
eller mindre engelsk enn Gladstone, Fr. zu Stolberg og Fr. v.
Schlegel var ikkje mindre tyske enn Harnack, Krogh-Tonning
ikkje mindre norsk enn professor Hallesby eller biskop
Lunde.
Sanningi fraa Gud kann ikkje kjenna til landegrensor,
so dersom den katolske kyrkja ikkje høvde for alle folk, so
var ho dømd, det er sant. Heller ikkje vilde daa predikatet
katolsk høva, det store merkeordet som baade vener og
fiendar alltid hev gjeve henne, og maa gjeva henne heretter
som fyrr.
Men so er det fridomen som er so ille faren i den ka
tolske kyrkja, at eit moderne menneske ikkje kann hava
noko med henne aa gjera.
Her spørst det fyrst og fremst um sanningi atter. Di
klaarare og sanningi møter ein og fer tak i ein, di
meir frigjord i verkeleg meining vert ein. Men sanningi
fører oss til frigjering paa den maaten, at me maa taka upp
striden imot det vonde baade inni oss og utanum oss. Og
er det sant som den katolske kyrkja sjølv segjer, at ho kann
gjeva oss den største og beste hjelp som i verdi finst i denne
striden, so bergar ho fridomen best. Dette er noko som
215

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free