- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
217

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Katolicisme og moderne menneske.
sa det i 80-aari. Denne flyttingi var eit vitnemaal um at
ætti friskna, for di alle desse ævelivs-draumane og den stri
den som fylgde var «over ævne.»
Men det varde ikkje lenge fyrr den herlegdomen kvarv,
som hadde straala i von og tru yver denne sjelebusetjingi
paa jordi. Det er ikkje fyrste gongen det hev vore freista
med eit fullkomeleg jordfest mannaliv. Og det gjekk som
alltid fyrr: livet voks ikkje fram i fagerdom og styrke; det
blømde heller av og miste sin rette heider. Samstundes med
at umaatelege tekniske framstig la all jordi under manna
ætti paa ein maate som berre eventyret hadde tala um fyrr
i sitt draumemaal, var det som mennesket sjølv vart avheidra
og miste si kongelege serstoda i millom skapningen elles, so
ein mest maatte undrast paa at det gjekk der upprett med
lyft aasyn og saag imot sol og stjernor. Det var daa aa
kalla berre eit dyr, «menneskje-dyret», som dei ogso kalla
det, utan minste merke til fri vilje, men bunde av sine drif
ter og naturkrav liksom eit anna levande i skapningsrekkja.
I filosofi og dikting og kunst, i sogeskriving og kritikk og
moralfilosofi rikte og raadde dette jordbundne syn paa men
neske og mannaliv. Og teologien vart ikkje urørd av dette
sterke verdraget. Endaatil i katolicismen synte «modernis
men» seg som ei sky for soli, og i protestantismen vart snart
heile himmelen gråa eller kolblaa, og uveret kom med hagl
elingar so harde at dei slo igjenom heimar og kyrkjehus, so
folket vimra livdelaust og veglaust som sauder utan hyrding.
«Modernismen» i den katolske kyrkja var etter maaten lett
aa vinna yver. Den veldige tradisjon fraa apostlane nedigje
nom hundrad-aari som lever og raader i eit udøyeleg apo
stolat med midstaden i St. Petri stol, er som mergen og alen
i det sterkaste tre, og let seg ikkje rikka av svingande lærdoms
ver, medan protestantismen er som ein veivlande verfløy, og
maa so vera, etter di tradisjonen er avlyst og grunnlaget for
tru og samfundsskipnad er noko so lausleg som skrivne do
kument til fri tolking for kvar mann, utan styrke og ljos og
rettleiding fraa ein levande autoritet innsett av Herren sjølv.
Den lutherske læra um dei heilage skriftene, som alle sektene
meir eller mindre klaart fylgjer, er noko av det mest umog
lege som tenkjast kann, baade logisk, historisk og reint
praktisk.
217

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free