- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
221

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kvifor?
Katolicisme og moderne menneske.
Men kvifor er protestantiske kyrkjor stengde og katol
ske opne?
Er det noko som kann rettast paa, kvifor er det ikkje alt
gjort for lenge sidan? Er det ikkje forunderleg at det er same
leis alle stader heile verdi rundt: opne katolske kyrkjor,
stengde protestantiske!
I det aller siste er det sume stader dei freistar halda
protestantiske kyrkjor opne.
Ein kann fullkomeleg trygt svara nei, likso trygt som
ein kann segja at katolske kyrkjor alle stader og alle tider
vil vera opne.
For di denne opning og stengjing kjem av seg sjølv, lik
som blomen opnar seg nåar soli kjem og let seg att nåar
ho glader.
Soli er den eucharistiske Kristus i alle katolske kyrkjor.
Kristus i sakramentet er ein løyndom yver alle løyndomar,
med ei høgd yver seg og ei dragingsmakt som ingenting anna
i verdi. Naar daa dei protestantiske kyrkjone ikkje hev den
eucharistiske Kristus paa altaret, so staar det tomt og er ikkje
eit altar i katolsk meining. Dei mest reinprotestantiske sam
fund hev heller ikkje noko som dei kallar altar i kyrkjone
sine, og dei fullt ut protestantiske kyrkjone hjaa oss er difor
bedehusi.
Paa eit høgskulemøte siste haust kom eg ein dag i sam
tale med ein av hovdingane i den danske folkehøgskulen.
Han hev reist mykje kring i Europa. Kor han hadde fare,
hadde han vore innum i kyrkjone baade i helg og vyrka, for
kristendomen er livet for han. «Jeg vil sige Dem noget,»
sa han. «Naar jeg kommer, ind ien protestantisk kirke, da
føler jeg at den er tom. Naar jeg kommer ind i en katolsk
kirke, føler jeg at den ikke er tom». Eg sa som sant var at
eg syntest dette var merkeleg. Men soleis kjenner alle kato
likkar det.
Lat meg fortelja noko anna i same leid: Ein gong ifjor
vinter i Rom var ei norsk dama med i ei katolsk kyrkja til
messa for fyrste gongen i sitt liv. Daa me kom ut, sa ho
hjartefyllt: «Jeg har aldrig følt det saaledes under nogen guds
teneste før: det var som der hendte et under».
Vil det nytta?
221

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free