- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
280

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - V

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lars Eskeland.
ugranska framfyre meg.» Men so må me heller ikkje undra
oss yver at sakramenti, som er ævelege løyndomar, ber Kyrkja
og alt kristenliv uppe, i uløyseleg einskap. Men når Gud ei
den same igår og idag, so må frelserådene vera dei same.
Sakramenti må vera dei same. Og Kyrkja må vera den same,
berre med den skilnaden som alder og vokster gjev. Ja for
ho er ein organisme i vokster, liksom senepskornet : det store
treet som svagar i stormen med store greiner og med bu
stader for alle fuglane under himmelen, var ein gong ein ung
renning som spratt or eit ørlite fræ.
Gong etter gong lét Herren denne tanken lysa som ein
vite: «Gakk då avstad og lær alle folk. Og sjå, eg er med
dykk alle dagar, alt til verdsens ende» (Matt. 28). «Du er
Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkja, og hel
heimsmaktene skal ikkje vinna yver henne» (Matt. 16). Og
det er mykje um å gjera at denne eine levande voksteren
ikkje vert kløyvd og sunder-riven; greinene må vera sameina
i treleggen, og i same roti og toppen og mergen. Sunder
kløyving vil gjera ovstor skade. Det som vert radt burt
hogge, døyr. «Eg bed ikkje einast for desse, men og for deim
som kjem til å tru på meg for deira ord skuld, at dei alle må
vera eitt» (Joh. 17).
Når då Kyrkja er eitt med Kristus, so er ho det mest
underfulle samfund på jordi, røtt i Guds eige hjarta. Visst
er det so, at ho lid av sår og sjukdom, av synd og skade.
For ho er samansett av menneske. Men ho heiter likevel
heilag, for di ho er i uløyseleg livssamband med Kristus,
og den Heilage Anden strøymer igjenom henne og byggjer
henne upp. Og han er Sannings-Anden. Difor hev dei
i alle kristne tider vitna i same andedraget: «Eg trur på den
Heilage Anden, ei heilag katolsk kyrkja.»
Trui på Kyrkja reiser all protestantisk tankegang seg
imot. Og mange vil segja: I dette stykket er all moderne
tenkjing i samhøve med protestantismen.
Det er lett å skyna for vår tid som er so uppøvd i fylgje
streng tenkjing, at eit rike må vera i samhøve med sin livs
idé. Ein demokratisk republikk kann ikkje byggja seg upp
på same måten som eit einveldigt keisardøme. Og Kyrkja
er fødd og bori til å vera beraren for den ævelege frelse-
Men det er tvert um.
280

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0288.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free