- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
284

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - V - VI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lars Eskeland.
upp i alle ting for kvar mann, so ein katolikk er å rekna
for ein træl, so kunde ein ha grunn til å ottast. Norske
prestar og bispar og professorar hev vorte tekne av otte for
at paven truleg vil blanda seg upp i styringi for Voss Folke
høgskule, etter di eg er katolikk. Det syner ei vankunna
som eit ginungagap, og minner um ei soga eg høyrde um
ein prest i ei Austlandsbygd, ein fulltrygg lutheranar, som
svinsa rundt ikring på gardane og letta på grytelöki og såg
etter kva kjeringane koka til middags.
Men er alt dette ståket um katolsk trældom rett og slett
løgje, so er det beintfram vanvit når dei segjer at paven er
Antikrist og gjer seg til Gud, at han segjest vera lytelaus og
syndfri o. s. fr. Paven skrifter syndene sine og tek imot
absolusjon som ein annan katolikk.
Ingen held han heller for å vera mistaksfri utan i em
betet sitt når han skal stadfesta ei avgjersla frå eit økumen
isk kyrkjemøte eller sjølv taka ei avgjersla for heile Kyrkja,
når han talar ex cathedra. Og kor sjeldan det hender,
kann ein få ei meining um når ein høyrer at det ikkje hev
vore tala ex cathedra sidan 1870.
Eit framifrå døme på denne høgste kyrkjelege avgjersla
som segjest vera mistaks-fri, gjev apostelmøtet i Jerusalem
(Apostelgj. 15). Det hadde reist seg ein stor strid um dei
heidningkristne skulde ljota gå inn under Moselovi eller
ikkje. Spursmålet var so stort og lagnadstungt, at heile Kyr
kja skalv av det. Og ordskiftet på apostelmøtet vart kvast.
Til slutt stod Peter upp og gjorde skil i saki. «Då tagde
heile mengdi,» står det. Saki var avgjord. Og apostlane
sende ut kunngjeringi frå møtet soleis: «Den Heilage Ande
og me hev vedteke —.»
Med slike domar og avgjerslor hev Kyrkja brøytt seg veg
gjenom mange og store uføre nedigjenom tidene. Men likso
visst som avgjersla på apostelmøtet i Jerusalem ikkje førde
til trælking, men til frigjering, likso visst hev det vore same
leis sidan og vil alltid verta det.
Men er alt dette so upp å taka, at Kyrkja ingen reforma
sjon treng?
Nei, noko slikt hev aldri vore tenkt eller sagt.
284

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0292.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free