- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Niogtredivte årgang. 1928 /
637

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Av soga til den norske bondegjenta i byen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av soga til den norske bondegjenta i byen.
av rædsle over det han såg. Det låg og voks i han, verkte
i samvite, til han måtte skrika «varulvar» var dei um natti
alle desse pene folk!
«Mannfolk» vart ikkje slege ned med forbod av den
offentlege censuren, endå so ærleg og djerv ho var. Men
Hans Jægers «Fra Kristiania-Bohémen» vart kverrsett, og for
fattaren æreskjeldt som den verste brotsmann.
Garborg fekk denne boki i Paris, og gjekk upp til Jonas
Lie for å tala um ho. Alt i døri tek Lie imot han med desse
ordi: «En forfærdelig bog den er skreven med revolveren
for pannen. Der har den stakkars mannen satt inn hele sin
borgerlige eksistens, hele sitt liv bare for å få sagt, skr eket
ut, all denne redsel, som vi andre naturligvis var for pene
til å røre ved.»
Dei var båe rasande over kverrsetjingi, og dei skreiv
båe skarpe innlegg i den «sedelighetsdiskusjon» som Jægers
bok hadde piska upp. Endå verre vart uppstyre då Christian
Krohg gav ut den modige boki A lb erti ne, som ogso strakst
vart kverrsett av politie. Garborg meinte, at når Albertine
vart forbode, måtte «Mannfolk» og bli det og sa fra um det.
Men dei høge herrar som vakta moralen i lande kvidde seg.
«Mannfolk» fekk «passere», med den løglege grunngjeving,
at boki var skrive på eit mål som «få læste og endda færre
forstod», men dei kunde straffe forfattaren på ein meir
lur måte, dei kunde drive han ut or den vesle båsen han hadde
fengje i «statens fehus», og det vart gjort.
Det var dengongen. No, ein liten mannsalder etterpå,
hev me fengje so mykje sterk kost i litteraturan, at moral
vaktarane hev gjeve upp. Me hev upplevd Wedekind og
verdskrigen. Og Wedekinds etterdiktarar og etterkrigstidi.
Og me kann ikkje dylje, at me no er trøytna ikkje so lite på
den sterke kosten. Likevel er det iår kome ei norsk bok
frå bordel-livet som ein læs frå perm til perm, djupt teken
og utan bismak. For det fysste fordi ho er god litterært sett,
med sann og målande menneskje-skildring, og for det andre
fordi soga til den norske bondegjenta som gjeng til botnar
i byen aldri so vidt eg veit er skrive so miskunnslaust ærlegt.
So heilt «med revolveren for panna», so vel underbygd og
so grundig analysera utan skonsl. Men det er ikkje berre
det vonde og stygge forfattaren skildrar. Det som gjer at
637

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:36:28 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1928/0645.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free