- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
478

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kaare Fostervoll.
av var det korkje amerikansk eller spekulasjon. Tanken var
å skaffa landsfolk heimevant mat. At dette samstundes synte
seg å vera ein genial forretningsidé har visst ikkje vekt større
undring hjå nokon enn hjå driftsherrane sjølve. Det er slik
ein finn det store i det små.
Den første kaffistova vart opna for 28 år sidan i Øvre
Slottsgate 29, og er seinare flutt til Torget 8. Fyrste halvåret
synte rekneskapen eit overskot på vel 700 kronor, og omset
naden gjekk over 13 tusen. Åtte år etter kom Kaffistova i
Grensen 19, som vart nedlagd då den store stova i Bøndenes
Hus vart opna i 1914. Denne siste har plass for 500 gjester,
Seinare har laget fått ei matstove på austkanten, Olav Ryes
plass 8, og ei på vestkanten, Cort Adelers gate 2, i sentrum
Parkstova på Victoria terrasse, og «Novilla», Nytorget 5.
Den siste overtok laget sommaren 1928.
Den frilyndte ungdomskolonien har soleis skaffa seg rike
leg med unelege og heimelege matstovor. Her møtest dei,
for her trivst dei. Det gjer mykje til å jaga vantrivnaden
på dør.
Men laget har gjort meir: Det driv to hotell; Bonde
heimen i Bøndernes Hus i Rosenkrantzgate, og Parkheimen
på Victoria terrasse. Og i 1922 vart det innan laget skipa
eit «Byggjelag», som med laget sin garanti for 183 tusen kro
nor har kjøpt ein eigedom på Øvre Smestad, der det til no
er reist 40 nye hus til ein og to huslyder. Enno er det plass
til 25. Ein kan lett tenkja seg korleis dette tiltaket har knytt
mange av innflytjarane fast til byen med sterkare band enn
dei som kampen for tilværet skapar i ein storby.
At laget har bruk for ein bank både til si forretnings
drift og til hjelp for dei av lagsfolket som har spareskillingar
eller trong bankhjelp, er naturleg, og difor er «Oslo nye
Sparebank» skipa. Men denne banken har elles ei vidare
råme enn sjølve laget.
Av andre tiltak kan ein nemna at laget gjenom sin ener
giske skrivar har teke op i mange år har laget havt fast
lønt skrivar til å greida all administrasjon utanom forret
ningane, som blir styrde på vanleg forretningsmessig måte
under tilsyn av eit utval, nedsett av laget er formidling av
hyblar og husvære åt innflytjarar. Det er serleg skuleung
dom og studentar som har fått hjelp på denne måten, men
478

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:05 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0486.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free