- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
480

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ørfiskevatnet i Nitedal.
Kaare Fostervoll.
hundrad, som voks til omlag 500 det første tiåret, har det
nådd toppen med 2200 i 1922. No er det omlag 1500. Dermed
har det vorte naudsynt å skipa mindre lag innan hovudlaget.
Kvar fredag har laget sitt møte, berre for medlemene.
Møtesalen i Teatersalen i Bøndernes Hus er altfor liten, so
det er ikkje lett for ikkjemedlemer å sleppa inn. Huset er
stappande fullt på kvart einaste møte. Programskjemaet er
unison song, foredrag, musikk, song, oplesing eller annan
kunst, og etterpå er det folkeviseleik. Men dette skjemaet
blir aldri daudt, avdi medlemene sjølve hjelper til å skapa
ei sjeldsynt møte-ånd, som fyller alt med liv og interesse.
Med rette er Bondeungdomslaget rekna millom dei beste
foredragspublikum i Oslo.
Trass i det veldige medlemstalet er det ikkje ukjende og
framande folk som møtest her i laget. Det er som ein flokk
med skyldfolk. Bandet som knyter dei i hop er sams lag
nad og sams livssyn, som har klårna til eit livsmål hjå dei
beste av dei, eit livsmål som dei i samværet med sine eigne
hentar mot og kraft til å stri for. Dette ideelle samlings
merket er det som gjev laget sine tiltak og tilstellingar den
harmoniske bakgrunnen som har avsett styrke og slagkraft
utetter.
Då medlemsflokken auka so sterkt, var det naturleg at
det skilde seg ut mindre flokkar innanfor hovudlaget, ikkje
klikkar, men serlag med kvar sine opgåvor. Laget vart ein
lags-ring. Det første av desse serlaga var «Saumarlaget», som
kom i stand alt i 1909. Fyremålet var då som no å koma saman
og sy, til hjelp for vanføre. Det næste var eit serlag berre
for gutar, Skyttarlaget i 1913. Det vart seinare delt i Idrotts
og Skyttarlag. Alle Oslo-folk med sportsforstand kjenner
B. U. L.-fargane og -namna frå idrottsstemnone innan- og
utanlands. Andre serlag er komne til: Leikarring, Songlag
(blanda kor), Musikklag, Mannskor, Spellag (amatørteater)
Bragegilde (literært ordskiftelag) og Barnelag. Det siste vitnar
om at ein er komen til andre ættleden av innflytjarar utan
at den heimelege tradisjonen skal vanvyrdast eller gløymast.
Det er eit nytt Oslo som veks op, i nasjonalbunad.
Ein kan og nemna at laget har to utferdshyttor til bruk for
medlemene, ei på Raudkleiva ved Tryvassbana, og ei ved
480

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:05 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0488.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free