- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
481

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

31 - Samtiden. 1929.
Bondeungdomen byen og by-hatet
På mange ulike måtar arbeider soleis denne mektige sam
skipnaden på å skapa hugnad og trivnad for den innflytte
landsungdomen. Og det sit tusental med ungdom utover
landet og gøymer gode minne frå den tid dei var i Oslo
i Bondeungdomslaget. Desse gode minne kastar og eit atter
skin over Oslo by, og her har vi ein av dei mest synberre
grunnane til at Oslo-hatet ikkje vinn nytt land, men tvertom
minkar i styrke og omfang millom den landsungdomen som
i stuttare eller lengere tid held seg i byen.
Medan Bondeungdomslaget er den vidfemnande ungdoms
samlaren, er Studentmållaget arnestaden for ein ser
merkt norsk studenttradisjon, som på sitt omkverve fyller
ut den kulturråma som den frilyndte ungdomen held på og
skapar i hovudstaden. Reint materielt har sjølvsagt dette
laget ikkje havt høve til å ta store tak. Det har verka gjenom
sine møte og tilstellingar for studentane, og gjenom sine
arbeidsutval. Det har knytt studentane —og gjer det vel
framleis — ihop til ein fast samhalden flokk, med klåre gren
sor utetter, men likevel ikkje avstengd. Målstudentane har
først og fremst sin misjon ved universitetet, der dei lyt kjempa
fram rett for landsmålet på alle steg. Sameleis lyt dei vera
vaktmenn og agitatorar innan studentverda. Alt delte sveisar
dei i hop det kameratslege samværet, arbeidet og kampen
for ein ide —og skapar tradisjon. Det er visst ikkje for
mykje sagt, at Studentmållaget for dei fleste av målstuden
tane tyder det største ljospunktet i ei grå og trist studietid.
Den som kjem med der, har med det ein kameratring og
treng ikkje kjenna seg åleine. Og i det miljøet gror heller
ikkje Oslo-hatet, om so kritikken og harmen mot universi
tetet og det uekte og unasjonale i hovudstaden kan vera både
fyldig og beisk. Elles er dei aller fleste av målstudentane
med i Bondeungdomslaget og får sitt syn på Oslo merkt av
det, liksom dei hine medlemene der.
Sist i dette trekløveret kjem so Oslo Fylkeslag, ein
samskipnad av Bondeungdomslaget og «bygdelag» i Oslo.
Det er i hovudstaden ikkje mindre enn 30 bygdelag. Dei
første vart skipa alt i fyrre hundradåret, men dei fleste kom
under og etter krigen. No er det ikkje mange landsluter
som ikkje har sitt lag. Det kan vera lag for heile landsluter,
t. d. Sørlandslaget, Vestmannalaget, Trønderlaget, og for min-
481

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:05 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0489.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free