- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
482

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kaare Fostervoll.
dre partar, soleis Hardinglaget, Nordmørslaget, Nordfjordlaget.
Desse laga har både eit kulturelt og eit sosialt fyremål. Dei
skal samla folk frå dei respektive landslutene til vern og
framhjelp for heimeleg sed og skikk og gjera landsluten kjend
i hovudstaden, og dessutan skal dei føra sambygdingar i hop
til hugnadlegt samvær. Tanken er soleis den same ein møter
i Bondeungdomslaget og Studentmållaget, berre geografisk
avgrensa.
Det har heile tida rådd det beste venskap millom Bonde
ungdomslaget, Studentmållaget og dei bygdelaga som ved
kjende seg det nasjonal-kulturelle programmet, målsak og
bondereising. Det var difor rimeleg at det kom fram planar
om å skapa ein samla organisert front av alle desse. Første
optaket vart gjort av Studentmållaget i 1919. På eit møte
som laget innbaud til i oktober dette år møtte det utsendin
gar frå dei fleste bygdelaga. Formannen i Noregs Ungdoms
lag, dosent Olav Midtun, heldt innleidingsforedrag om saman
slutninga, og gav i dette ei utsyn over dei kår som den inn
flutte ungdomen i byen hadde havt og enno i stor mon
hadde. Han heldt fram at storparten av folket i Oslo er inn
flyttarar eller born av innflytte. Nokon serleg bytradisjon
merkar ein difor lite. Men på den andre sida har bonden
lite høve til å setja sin farge på det økonomiske og kultu
relle livet i byen. Tvertimot viste dei granskingane som
sokneprest Eugene Hanssen i si tid gjorde, at omlag 75 pet.
av dei fatigstødde og nedforkomne (i normale tider) var av
bonderot. Dei har oftast ikkje fagutdaning når dei kjem til
byen, og glid difor lettast ned i dei minstbetalte sine rekkjor.
Andre kjem burt i svermen på annan måte, burt frå bygde
livet dei voks op i, og burt frå bondesynet. Ei motvekt mot
denne rangvoksteren er bygdelaga som veks op her inne.
Her møtest trongen til å halda oppe bondelivstradisjonane
med ynsket om å møta kjenningar av same ophav. For
desse laga er det mange vanskar å stridast med, serleg då
husnauda, men og andre. Og det vilde visseleg vera til stor
styrke for bygdelaga om dei kunde gå saman om å hjelpa
fram eller gjeva tilskot til same arbeidsfyremål.
Fylkeslaget kunde hjelpa einskildlaga til å skaffa møte
rom, lesesalar, boksamlingar, o. 1. for rimeleg kostnad. Det
kunde reisa heimar for landsungdom, kunde skipa foredragslag,
482

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:05 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0490.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free