- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
484

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kaare Fostervoll.
nader frå folk som burde fått rom på «Heimen for lands
ungdom». Dertil kjem ei mengd med søknader frå folk som
kontoret ikkje har høve til å ta omsyn til etter dei reglane
som gjeld for leige i «Heimen». Ute i byen har kontoret
leigt ut 120 hyblar. Til kontoret er det dessutan kome ei
mengd me fyrespurnader om utdaning og arbeid, og det gjev
då råd og tilvisingar. I sume tilfelle har kontoret ogso skaffa
arbeid. I 1928 hadde kontoret 460 hyblar til utleige, og ca.
700 høyrde etter rom.
I 1926 fekk Fylkeslaget 100 tusen og i 1927 150 tusen
kronor av Stortinget (Pengelotteriet) til ein «Heim for lands
ungdom», eit slag internat for den skuleungdomen som kjem
til byen. Det kjøpte so i 1927 Ragna Nielsens skole, som
vart teken i bruk av laget i februar 1928. Det er no etter
ei påbyggjing rom til 100 hybelbuarar, 2 møtesalar, kaffi
stove, 11 kontorrom, leserom o. a.
Ein har soleis alt vunne å realisera mykje av det pro
grammet som på det første planleggjingsmøtet vart staka op
for eit Oslo Fylkeslag. Og Oslo har vorte noko lettare
å leva i for mang ein ungdom.
Attåt —og i livd av desse ulike tiltak som den fri
lyndte ungdomen i hovudstaden utan hjelp frå byen sjølv
har reist til hjelp og vern for seg og sitt, står det no ein
krans med institusjonar, som gjer byen meir nasjonal og
dermed meir uneleg for dei innflytte ungdomane enn andre
byar i landet. Her er «Det norske Teatret», her kjem «Den
17. Mai» og andre målblad ut, her har «Det Norske Sam
laget» sitt sæte, her er hovudkontoret for Noregs Ungdoms
lag og Noregs Mållag, her er det nye «Noregs Boklag» med
sin bokhandel. Stutt sagt, den nasjonale fylkingen har skapt
seg ein stat i staten, eit nytt Oslo. Skulde han so hata byen?
Og det er målet åt denne fylkingen å gjenomsyra heile
byen med sin idé. Det er nok av mothug og motstand å
overvinna, ikkje berre frå byfolk, men ogso frå innflytte
landsfolk. «Den pantsatte bondedreng» er framleis å finna i
alle våre byar, ogso i hovudstaden. Men når ein ser kva
bondeungdomen har vunne fram til i Oslo, både sosialt, kul
turelt og økonomisk, so er ein nøydd til å tru på vidare
framgang.
Difor er bondeungdomen i Oslo optimist. Og dette har
484

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:05 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0492.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free