- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
597

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olav Dalgard: Olav Aukrust

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

OLAV AUKRUST
MINNETALE I KUNSTNERFORENINGEN
Det som vårt og vårast
er hjelpelaust ditt,
det som såg deg fagrast
og kviskra um sitt!
Det som skvatt for ordom
som fuglar for hauk
og lyfte på vengen og strauk!
Kva for ein kunstnar har ikkje kjent og stridd med den
lagnadstunge realitet som er uttrykt i desse orda?
Det å skapa kunst av den høgste grad er som å balan
sere på nakne sverdeggen. Det namlause skal kunstnaren
gje namn, det useielege skal han seie slik at alle skjønnar
det, det formlause skal han forme i eiga form, i si eiga sjel.
Stjerna skal han hente ned fra himmelen, ikkje stjerna som
realitet, men stjerna som illusjon, som skin. Det umoge
lege er han sett til. f
Få har kjent denne kunstnaren sin strid med emnet og
seg sjølv, so intenst som Olav Aukrust. Få har slik kjent den
angstens melankoli som herjar kunstnarens sjel når fyrehavet
mislykkast. Få har kjent ei villare og meir himmelstormande
glede når det lykkast, når natt med eitt snur seg til dag:
Brått som blanke bjrtingen
det skjer igjenom svart;
det rapar liksom stjernur over
himmelblått og bjart;
du vert so glad i hugen
av di du er til !
Du kjenner deg din eigen,
du maktar det dn vil.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:05 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0605.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free