- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
159

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Jeppe Aakjærs livs-minne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

.leppe Aakjærs livs-minne.
ogso av den danske fridoms-striden i 80 åri; me livde med
i Brandesrusen og striden mot bakstrævet i politikken som
hadde sin fremste førar og representant i Estrup og den reak
sjonære regjeringi hans.
Dei unge vart revolusjonære. Aakjær vart ein eldhuga
folketalar, og vart endå sett fast ei tid for revolusjonær pro
paganda. Det er ei tragikomisk soga som han fortel med
tydeleg frygd. Både kvass og morosam er skildringi av feng
selsupphalde i Viborg; det er millomalder all igjenom. Likso
nådelaus er skildringi av «Blaagaard seminarium» med dei fæle
elevromi i kjellaren. Aakjær kom dit i 1884, og det var
fyrste gongen han såg Kaupenhamn ; ja, det var fyrste gongen
han såg eit hus i tvo høgder. Men då han fekk sjå rome
sitt, vart han mindre glad «det imponerende forsvandt,
da jeg blev ført om til det Rum der skulde udgøre mit frem
tidige Paulun; det maatte søges i en dyb og fugtig Kælder i
den alleryderste Baggaard.»
Men den viljesterke guten greidde både fengsel og skule
kjellarar og kom sjølvsagt ut meire revolusjonær enn han
gjekk inn.
Og i den tidi hende det, at ungdomen i heimbygdi hans
vart riven med i det politiske ståket som mykje minner um
dengongen Høgre og Vinstre slost som verst her i Norig.
Aakjær fortel um den unge gjenta frå Løvel («Pigen fra Løvel»)
som hogg hovude av Christian den 9des byste, og klistra ein
lapp på fotstykke der ho hadde skrive: «Ned med ham! Fri
heden leve!» Ho fekk 4 månars fengsel for «majestætsfor
brydelse». Eg måtte tenkje på stemningi i Kristiania Arbeider
samfund etter Björnsons gneistrande fyredrag um konge
døme og republikk. Ei stund etter at Bjørnson var gått ut
av huse under endelaus fagning, låg tri eldhuga unge gjentor
hand i hand på kne framfyre ei byste av Johan Sverdrup
inne i styrerome og ropte: Republikken leve! Men som
vel var høyrde ingen høgremann det. Berre dei tvo hjartans
gode vinstrekoryfæane, fatigforstander Johnsen og skomaker
Brun, han som med rette kalla seg «proffesor i sitt fag» kom
idetsame og dei melde oss ikkje. «Sjå!» sa Johnsen kløkt,
«dette er norsk ungdom idag! Vår ungdom!» Barnlege var
me, som «Pigen fra Løvel»; men meinte likevel noko.
Forfattaren talar ogso mykje um den innverknad dei
159

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free