- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
444

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hulda Garborg.
difor meiner han kann bera seg åt som han vil, då det ikkje
finnst noko helvite og heller ingen himmel.
Og visseleg er det mang ein likesæling og låg intelligens
som er glad den dagen han vert fri helvitstrui og dermed
gjeng laus på livet etter sin hug og sine instinkt. Men eg
torer segja, at millom dei «fritenkjarane» eg hev møtt, fann eg
dei djupaste religiøse naturar livet lærde meg å kjenne. Og
for meg sjølv torer eg allvisst segje, at frå Bjørnson i ung
domen lærde meg å tenkje sjølv fekk livet nytt alvor for meg;
ei ukjend ansvarskjensle voks fram i meg. No hadde eg in
gen å legge skuldi på for det eg gjorde. Ingen åfå tilgjeving
av. No måtte eg sjølv stå for støyten og det gav noko å
tenkje på. Og då eg seinare kom til å lesa Rousseau stogga
eg strakst ved ordi hans um samvits-røysti, «den guddome
lege røysti» inni han, det «einaste som skilde han frå dyri»
og som han altid måtte lye etter.
Slik var det just. Ein måtte venje seg til å lye innetter
i seg sjølv.
Men det er ein dåre som meiner han kann bli kvit gud;
ein kann, som Krishnamurti segjer, likso gjerne freiste å
sløkke soli. For gud er sjølve livet, er i alt ogso i meg.
Buddha er ingen gud. Han er den «Utvalde», «den
Upplyste og Uppvekte» ; «den Fullkomne».
Brahma er drivkrafti i alt som lever, og når hinduen
segjer, det er ingen annan veg til ævlegt liv enn kunnskapen
um Brahma so meiner han livslovi. Liksom Krishnamurti
når han talar um «The Beloved», sanningi, sjølve livet som
det openberrar seg i alle ting.
«Når du frigjer livet og fullbyrdar det, vert du sjølv gud.
Med gud meiner eg då ikkje den tradisjonelle gud, men den
gud som er i alt og alle. Det er med andre ord ingen annan
gud enn den som manifesterar seg i det frigjorte, fullkomne
menneske»
Vil ein freiste å skyna Krishnamurti og den verds-rørsla
han hev skapt, må ein kjenne det åndelege miljø han er upp
vaksen i.
Han føddest i Braminkasta, den høgste kaste i India.
Det er det same som at han var fødd prest og upplært til
tempeltenest alt frå barndomen. Hindu-religionen er ikkje
Buddha er ein ærestitel som inneheld alt dette.
444

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0452.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free