- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
445

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Krishnamurti.
knytt til noko einskild lærarnamn; den er vakse fram av den
utgamle Veda-visdomen og skal skriva seg alt frå den fysste
ariske innvandringi i Nordvest-India.
Men liksom den upphavelege kristendomen er sprengd i
tusund sektar som alle styd seg til bibelord, so er hinduis
men sprengd i mange fleire som alle styd seg til ord frå Rig-
Veda. «Det som er, er det eine; dei vise nemner det med
mange namn» (Rig-Veda).
Men um ein hindu aldri so mykje veit han er stokken av
same stuven som «Europas barbarar», so vil han ikkje no
meir kjennast ved skyldskapen enn ein german, ein angel
saksar, ein grekar eller ein romar vil vedkjenne seg den
brune, heidne hindu. Dei ser ned på kvarandre som india
naren og den kvite mann i Amerika. Minst av alt veit ein
europæar utanum dei få lærde orientalistane, at dei religiøse
ideane til hindu-folket er dei same som våre ariske forfedrar
hadde, stivna i livlaus ortodoksi og halvt innkvervde i vid
sveimde skodde-system som eit mannaliv er for stutt til å
grava seg igjenom.
I ei liti bok um hindu-religionen x skriv den lærde Swåmi
(den heilage) Abhed-ånanda at ein upplyst tyskar eller ein
åndsfri amerikanar frå idag liknar i sin frie tenkemåte, sitt
intellektuelle strev og sine åndelege idear mykje meir ein upp
lyst hindu frå vår tid enn nokon etterkomar av den semi
tiske rasen.
Skal tru um han ikkje hev rett. Kor sprengd ei rase er,
noko av same toe er i alle greiner og flokkar av ho og ser
merker dei meir og mindre. Sjå jødane.
Og upphaveleg er den moderne tyskar og den moderne
amerikanar av same rasen som den brune hindu, kor langt
dei er frå kvarandre komne.
Hindu er ogso etter måten eit nytt namn. Det rette
namne på ein indiar er nettup ariar. So kallar dei seg
enno sjølve, liksom dei kallar religionen sin Arya-Dharma,
d. e. arisk religion, religionen til dei gamle ariane. Dei kallar
han ogso den «ævlege religionen» (Sanatana-Dharma) for in
gen veit kor gamall han er.
Det var persar-folke som fann på namne hindu etter elvi
1 Die Religion der Hindus, Jaeger’sche Verlagsbuchhandlung, Leipzig u.
Frankfurt a. M.
445

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0453.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free