- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
450

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hulda Garborg.
Men det fanns til ymse tider dukkarar som ikkje gav
upp. Eldsjelar, som ikkje stokk attende for dei svarte av
grunns-djupi fulle av troll og tussar og lurande klodyr. Og
perle etter perle henta desse uredde upp i dagen att.
Ein slik uredd dukkar etter sanningi var Krishnamurti.
Men kva er sanningi?
I den jubelsongen til «Den innvigde», som slutar «The
Path» er det enno uklårt kva Krishnamurti meiner med san
ningi. Det er ein takkesong til «meistaren åt alle meistarar»,
og helst må ein her tenke på ein personleg gud. Eller «gud
menneske», Kristus i austerlendsk, buddhistisk farga bilæte.
Men sist i boki segjer han: «Mi lange og pinefulle reise
er tilendes, og den nye, herlege reise hev teke til. Langt burte
finns andre vegar og andre portar, der eg skal banke på med
større visse og med eit gladare og meir skynsamt hjarta
Kom alle de som syrgjer og gå med meg inn i den bu
staden der den lysande sanningi er å finne»
Liksom Buddha talar han altid um upplysning, frigjering
frå fåkunna. Det andre spursmåle i den buddhistiske kate
kisma er: «Kva er buddhisme?» Og svare er: «Læra (religio
nen) um utløysning gjenom upplysning.»
Og det tridje spursmåle: «Kva skal upplysningi fri oss
frå?»
Svar: «Frå tilvære med all si liding, villfaring, synd og
lekkjor»
Vedasongane segjer at det ingi frigjering er utan i kunn
skapen um Brahma. «Kunnskapen um Brahma gjer deg
udøyande. Der er ingen annan veg.» (Samhita).
Frigjering frå seg sjølv, frigjering frå alle ynskje og all
trå er vegen til lukke og harmoni; det var ogso Krishnamurtis
ævlege umkvæde. Men i 1929 skriv han ei hymne til livet:
Korkje upphavet eller enden veit kvar dei kjem ifrå, for
livet hev korkje upphäv eller ende. Livet er.
Bed ikkje til dei gamle gudar ved altar med røy
kels og fagre blomar.
Men kom med, elsk livet med stor frygd. Rop i glede
fyllt ekstase. Der er ingen flokar i livets leik.
Eg syng um dette liv, kjelda til ævordomen»
Kom, kom med. Eg er av dette liv, udøyeleg, fritt
«A, elsk livet!
450

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0458.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free