- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
452

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Som tora bur millom fjelli
Hulda Garborg.
det då han meiner å ha vunne full klårleik yvi seg sjølv og
livsmålet sitt.
I alt han seinare hev skrive og tala stig han fram som
«verds-læraren», fullviss på at han er «stormen som skal gå
over jordi og sope burt alt som ikkje er bygd på sanningi».
Og dei trugne venene hans av Stjerne-ordenen, som den 28de
december 1926 av hans eigen munn høyrde um den store
vendingi, dei var heilagt yvitydde um at dei no stod «andlit
til andlit med Han som er kjærleikens og den store med
kjensla sin Herre»
Koss han dengongen sjølv kjende dette store nye, at han
fullt medvete hadde vorte verds-læraren, eller som disciplane
hans kalla det vorte «eitt med sin meistar», det gjev han sjølv
uttrykk for i eit dikt som tek til slik:
«Liksom det guddomlege er gøymt i ein blomst,
so er den eg elskar i meg.
so hur den eg elskar i hjarta mitt.
Som fugleskrike fyller skogstilla,
so fyller rø3rsti hans mi sjel.
Fager som morgonen
lysfyllt som månen,
klår som soli,
Eg hev leita etter den som eg elskar,
og funne honom i djupet av hjarta mitt.
Den som eg elskar ser gjenom augo mine,
for no er me eitt
I det vesle skrifte: «Who brings the Trutn» (Kven eig
sanningi), greier han ut kva han meiner med «the Beloved»
(den som han elskar). Han vilde bli eitt med alle verds
lærarar, med Krishna, Kristus, Buddha og «Herren Maitreya» ;
dei er alle ein person. Men han vil ikkje lenger sjå dei som
bilæte, slik som andre lærde han å sjå dei d. e. utan
frå. For so lenge han såg dei berre slik var han i røyndi
skild frå dei. Når han vart verdug vilde han bli eitt med dei.
Eg lær med Honom,
med Honom leikar eg.»
er kjærleiken min til den eg elskar.
452

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:37:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0460.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free