- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
172

(1928-1931)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

172

Halvdan Koht.

styringslova derimot har jamt vorte teken som eit vitnemål
om ei sterk, snarast einveldig kongsmakt, og difor er det
turvande å peike ut serskilt det feudale grunn-emne i ho. Når
vi på annan mate veit at det gamle ålmenne folke-oppböde,
leidangen, fram igjenom 13de hundreåre meir og meir hadde
vorte til rein skatte-avgift, da skjönner vi betre kor
innhalds-dryg ho er, den forskrifta som vi möter i hirdskrå’a og som
vart vedteken på to hovdingmöte eller parlament nett i åre
1273, — forskrifta om kor mange mann kvar einaste kongeleg
lensmann i lande skäl hälde til hærteneste hos kongen. Det
er feudal-hæren som avlöyser folke-hæren. Sjölve ombode
for kongen blir ait i hirdskrå’a kalla med det tyske orde
»len», og dei kongelege syslemenne vart i 14de hundreåre
kalla lensmenner, uta noko skifte i embete var gjort.
Skattefridomen for godse åt lensmennene kom fyrst smått om
senn; vi ser at kongen i 1311 freista sette grenser for denne
fridomen 1. Men det er tydeleg nok, at den teneste-adelen
som hadde vore i stendig framvokster ifrå andre helvta av
12te hundreåre, no med hirdskrå’a fra 1273 fikk rome sitt
stadfest i all statsstyringa. Lovboka slo greitt fast at kongen
skulde hälde seg til »råd av gode menner» i lovböting og
all änna styring, og desse »gode mennene» det var nett
hov-dingane i lande, i Noreg likso vel som i Danmark, — det
ser vi klarast av sjölve dei kongelege forordningane som
vart utferda utigjenom 13de hundreåre.

Alle har vore på det reine med at Noreg vart sterkt
feudalisert i 14de hundreåre; men tanken har helst vore den,
at denne feudalismen kom inn da utafrå, i Iag med unionane
med Sverike og Danmark. Eg har vilja peike på at det
var ein feudal framvokster i gång i Noreg lenge före desse
unionane, og att sigeren for feudalismen er berrsynt i den
norske hirdskrå’a fra 1273. Så vi torer segje at fra slutten
av 13de hundreåre är det denne styringsskipnaden som har
vunne overtake i alle dei tri norderlendske rika. Berre
Island vart ståande utafor, endefram for di der aldri vart bruk

1 NgL. III 90—91.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 21 13:06:04 2019 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/scandia/1931/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free