- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
178

(1928-1931)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

178

Halvdan Koht.

eit merkeleg möte på landegrensa i Götaelv, tett attmed
Kong-heil på den norske sida. Ein kunde mest kalle det eit
skandinavisk adelsmöte. Det kann vere truleg nok, det som P.
A. Munch har gissa på ’, at opphavsmannen til möte var
fyrst Vitslav av Rugen, — han var tysk landsherre, men
hadde store pantelén i Danmark, og var verfar til den nye
norske kongen Håkon Magnusson. Möte skulde fyrst og
fremst vere ei samköme mellom den norske og den svenske
kongen; men båe to kom i fylgje med mange av dei beste
mennene sine, og omfram fyrst Vitslav kom ifrå Danmark
greiv Jakob av Nord-Halland, den fremste av dei som var
dömt for kongsmorde. Han klaga på at dei gamle utlæge
ikkje fikk retten sin hos den danske kongen, og möte slutta
med at den svenske kongen lova vern og hjelp til desse
utlæge.

Dermed gikk da kong Birger over på den andre sida i
den skandinaviske striden, og sambande med kong Håkon
vart fest på den maten at bror hans, hertog Erik, var
tru-lova med den årsgamle dottera til Håkon, Ingebjörg. Sverike
og Noreg tyktes stå sameint med feudalpartie i Danmark
imot den danske kongen. Og föraren i den nye
skandinaviske feudalpolitikken vart den unge svenske hertogen Erik
Magnusson, helten i den fyrste svenske rimkrönika, ein mann
som stod heilt utafor gamle rikstankar, berre hadde
personlege makt-interesser i hugen. Det er alitid interesser av dette
slage ein skäl finne på botnen i feudalpolitikken; her er ikkje
spörsmål om prinsipp eller idéar som i kyrkepolitikken, og
her er ingen samlingstanke slik som det i minsto kann vere
i kongspolitikken. Det er nett dette som så titt gjer linene
uklare i brytinga mellom dei politiske maktene.

Kong Birger fikk snart merke at han hadde kasta luten
sin på den urette sida og gitt hjelp til dei som vilde minke
hans eiga makt. Ait i 1304 var han i öpen strid med både
hertog Erik og den andre bror sin, hertog Valdemar. No
gjorde han på nytt samband med kong Erik av Danmark,

1 NFH. IV 395—96.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Feb 16 11:28:07 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/scandia/1931/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free