- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
182

(1928-1931)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

182

Halvdan Koht.

Rongane var ikkje sers hepne i striden. Alle hadde dei
fiendar heime i sitt eige land. I Sverike vart kong Birger i
1310 nöydd til å skifte rike med dei to brörne sine. Kong
Håkon i Noreg streva enda eit par år med å döyve dei
adelege lénsmennene i lande sitt. Men han greidde seg ikkje i
krigen mot hertog Erik, og til slutt vart han nöydd til å gjere
fred på det vilkåre at hertog Erik likevel skulde få dotter hans,
mea hertog Valdemar skulde få dottera til den avlidne norske
kongen Eirik Magnusson. Dobbelbryllaupe stod i Oslo i 1312.
Dette var det endelege nederlage for freistnaden åt kong
Håkon på å gjere seg til einveldig herre i rike, og etter den tid
ser vi inkje tiltak ifrå han til å stagge adelsmakta. Han fylgde
hertog Erik, og hertogen som sat med lén i både Danmark,
Noreg og Sverike, var den sjölgjevne föraren for
feudalpolitikken, den adelege klasse-egoismen, i alle tri norderlande.

Striden loga oppatt på nytt i Sverike i 1317, da kong
Birger med svik fikk brörne sine fengsla og så lét dei döy i
fengsle. Da vart det stort adels-opprör i lande. Erik
Men-ved kom med hærmakt fra Danmark og skulde hjelpe den
svenske kongen. Kong Håkon kom fra Noreg til hjelp for
adelspartie. Det vart adelen som vann. Kong Birger måtte
röme lande, og Erik Menved måtte gi öpp saka hans.

Det kom som den naturgjevne utgången på striden, da
det vart kongsskifte i alle tri rika i åre 1319. Om våren
döydde kong Håkon, og dotterson hans, son til hertog Erik
i Sverike, vart teken til konge både i Noreg og Sverike. Sist
på åre döydde Erik Menved i Danmark, den som stöast og
striast hadde freista hälde kongsmakta oppe.

I alle tri lande var kongsskifte ein siger for den feudale
adelsmakta, sterkast stadfest med handfestninga for den nye
danske kongen i 1320, men tydeleg framboren med det
hov-dingstyre som vart innsett i Sverike og Noreg.

Det nye som hadde vakse fram i den urolege
mannsal-deren som da var til endes, det var den adels-skandinavismen
som no hadde vorte ei historisk livsmakt. Den feudale
adelen hadde vorte grunnfest i riksstyringa i kvart eitt av dei tri
rika i borgarkrig fra det 12te hundreåre. I innbyrdes krig

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Feb 16 11:28:07 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/scandia/1931/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free