- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
7

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

att. Og det er det rimelegaste. For daa dauden
kom, var det godt i million menneskje her i
lande. Men daa denne soga hender, var det
berre V2 million; og det er mykje yver 200
aar etter. Han stod paa berre vel so eit par
aar; men det var nok knapt noko land i heile
Europa som leid slikt som Noreg.

Nede i sud-landom hev dei funne eit
munkevers fraa den tid; det er umskrive paa dansk
og segjer:

»Et tusind, tre hundrede og femti angiver
dødens tid. Medens Den sorte død herskede
paa verdens kreds, gik en trediedel af
menneskene til Herren.«

— Ei stund etterpaa seig me inn under
Danmark.

So laag me og saug paa labben. Det er
radt vondt aa lesa um det, soleis som me vart
hundsa. Me ber merkje etter det den dag i dag.
— Kongarne vaare sat i Danmark, det var som
eit hende at dei saag hit upp. Men dei sende
upp her desse graadige adelsmennerne sine,
sume var danske og sume tyske. Og dei styrde
oss — so at maken til styre hev det norske
folke aldri havt. Men dei hadde det ikkje
likare danskefolke helder. Det var den megtuge
adelen som raadde, — ein liten flokk med
menneskje, som meinte at dei var fødde med
reinare blod i aadrom en alle andre.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free