- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
9

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og dømde honom til aa døy. Og skarven
miste live.

Anders Grein var ein adelsmann av norsk
ætt, og ein dugande kar. Han gifte seg med
ei som ikkje var av adel. No vart det eit rop
paa alle dei andre: han skulde støytast ut; for
han hadde blanda ureint blod inn i adelen.
Men kongen løyste knuten. Ho vart adla, og
han vart styrar yver Noreg. Og borni deira
skulde vera adelsmenner so fort dei kom.

Kong Kristian var uppe her 50 gonger med
han styrde. Han heldt eit ting i Bergen, som
vart namnspurt. Daa sette han av mest alle
domarar som fanst i lande. Nokre faa fekk
vera att, som han visste ikkje misbruka magti si.

Det var hardaar ofte. Men kongen syrgde
for korn. Han tvinga dei danske
handelsmen-nerne til aa senda oss korne for godt kjøp og
etter faste prisar; og so gav han etter all toll
og avgift.

Eingong han for her kalla han seg kaptein
Kristian Fredriksson. Han vilde vera ukjend
og hadde sett streng straff for den som fortalde
kven han var. Daa siglde han rundt lande og
radt inn i Kvite-have. Der var han paa og
skulde drepe seg; skipe støytte paa berg. Daa
han kom att, var han innum Vardehus-festningi,
og dei kjende honom ikkje. Men daa han kom
ut paa sjøen, fekk dei vita at det var kongen.
Dei tok ei kanona og smellte beint paa stor-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free