- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
11

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han hadde fenge det ifraa sudlandom. Men daa
han bar til aa sjaa etter, var Noreg ihop-skrokke
slikt, at mest all den nørdre luten var teken
fraa honom og lagd attaat Sverikje. Og det var
nok ikkje berre paa papire at detta var gjort.
Han fekk nyss um det, at den svenske kongen
kalla seg »kung öfver finnar och lappar« og at
han sende ut skattekrevjarar, som for hardt
fram mot dei stakkars fatige folkorn.

Dette tolde ikkje kong Kristian. Vaaren
1611 bles han i krigsluren. Bode kom aat
Noreg, daa laag snjoen yver alle marker. Alt
ungt mannskap skulde ned og slaast med
svensken. Nordmennerne gjorde seg ferdige, og
for so fort dei vann; dei var 12000 mann.
Men han hadde samla 20 000 mann i Danmark.
Og so rauk han paa Sverikje.

Han tok Kalmar i ein einaste rykk. Det
er ein stad og ei festning inne i Sverikje. Og
etter det vart denne krigen heitande
Kalmarkrigen. Det stod paa i tvo aar.

No skriv Karl den 9de eit brev til kong
Kristian. Han er rasande. Han segjer: »Kom
du kar, og møt meg i holmgang, so skal me
gjera det av paa gamal vis — dersom du
torer! Tak med deg tvo karar; og eg skal møta
deg utan hjelm og utan brynja, med berre
sverd og ein Ier-kjole um live. Dette vilkore
byd eg deg. Men torer du ikkje, so vil eg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free