- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
12

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje kalla deg konge; eg vil ikkje vyra deg
som ein bra soldat eingong!«

Kristian svara med grov spott. Han segjer:
»Det maa vera hundedagarne som hev fortulla
den stakkars heilen din. For det veit daa alle,
at du er gamal og skral. No hev du visst
betre av aa sitja bak omnen en aa skifta hogg
med ein mann.«

Straks etter dette døydde Karl den 9de.
Men han hadde ein son heitte Gustav Adolf.
Han var berre 17 aar; han steig paa
kongsstolen og tok styre yver Sverikje.

Og Noreg fekk fyrste støyten. Jamteland
og Herjedalen hadde vore norske fraa dei eldste
tider, — det var tvo store skogbygder, som
laag tett innpaa Sverikje. Men no kom
svenskarne med ein her og tok dei. Og ei stund
etter kom dei heilt attaat Sverikje.

Gustav Adolf vilde gjera seg til vens med
nordmennerne. Um vaaren 1612 skreiv han
eit ope brev til dei; han segjer: »Danskekongen
veid heile ulukka. Hadde det endaa vore mot
paven og slarke hans eg fører krig; elder mot
heidningar og avgudsdyrkarar! Men her held
me paa og slæst, rikje mot rikje og folk mot
folk, som hev same kristendom og same tru til
Gud! Og Noreg er skilt fraa Danmark med
baade vatn og hav. Men daa Gud skapte alle
ting, so skapte han Noreg og lagde det jamsides
med Sverikje. Noreg er i slegt med oss baade

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free