- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
19

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ord, at fienden var komen, og bad folke reisa
seg. Det er fortalt at han rispa det inn i ei
flat tre-flis, daa han gjekk upp fra sjøen; sume
segjer at han hadde papir og skreiv det heime.
Han fekk det burt i handi paa tenestegjenta si
og bad henne fara inn paa Nese so fort ho
kunde. Ho stakk det ned i eine sokken sin og
klædde seg ut til ei fille-kjering som gjekk og
bad seg. Daa ho kom aat skottom, tok dei
henne. Men ho gjorde seg faavis og sa:
»Bevare oss, skal det vera so hardt, at ikkje
fatigt folk kan faa ganga sin veg!« Daa slapp
ho fram. Ho kom ned til sjøen og fann seg
baat; sidan rodde ho inn paa Romsdals-nese
og bar upp bodstikka. Folke las og sende
lenger; og no for ho fraa gard til gard so fort
ho vann.

VII.

Der stod skottarne paa berghamaren. Per
hadde narra dei stygt. No hadde dei Isfjorden
millom seg og Romsdals-nese; han skjer seg
langt inn i lande. Dei laut ganga rund umkring
honom, og det er tvo mil til kroks i det verste
ulende.

So tok dei i veg; og det bar gjenom skog
og myr. Sumetider laut dei krabba etter bergom,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free