- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
22

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 22 — ’

Sume hev kalla dei verlauparar elder verkalvar;
men sume kallar dei tryn-tyrkar, og fortel at
dei hadde store vide uppskorne nase-boror.

IX.

So fer dei upp etter Romsdalen. Dei
fangar nokre bønder, og drep dei ikkje, men
tvingar dei til aa fara fyre seg i gardom og
segja til mat og drikkan. Bønderne skulde bera
det ned aat vegen og leggja det i haugar her
og der; gjorde dei ikkje det, vilde skottarne
koma etter og brenna og drepa for ende.

Dei kjem aat Settnes. Her budde ein dansk
mann heitte Søfren. Han hadde eit skrin fullt
med dyr sylv-stas, — det var sylgjor og belte,
staup, ølkrus og mangt. Skottarne finn skrine
og tek det. — Paa ein annan gard hev folki
fare til fjels og bunde att hunden i stabburs-døri.
Skottarne kjem, og so gjøyr hunden; dei høgg
av honom alle fire føterne. — Dei kjem aat
ein gard heiter Eide; der smell det fraa hi sida
elvi, det kom ei kula og drap ein skotte. —
Paa ein gard heiter Maange hev folke rømt og
sett att mat og drikkan paa alle bord.
Skottarne kjem og et og drikk. — Den eine
ver-lauparen er faren fyre og kjem aat ein gard
heiter Raudstulen; her vart han skoten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free