- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
24

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 24 — ’

Daa skottarne kjem upp aat Bjørne-kleivi,
torer dei ikkje fara vegen lenger; dei er rædde
bøndom og tek til fjels.

So kjem dei aat Gudbrandsdalen; den
fyrste bygdi er Lesja. Folk meiner dei kom
til bygdar ved ein gard heiter Einbu. Her hev
det stade ein stolpe med »1612« paa; og dei
gamle segjer at han stod til minne yver ein,
som skottarne drap.

Der er ein gard heiter Bjøraa. Dei rømde
alle saman so nær som bestemor aat mannen;
ho var so gamal at ho trudde seg trygg.
Skottarne kjem, og fyrst dreg dei ut alt dei
finn av etande og slitande; so drep dei gamla
og brenner upp garden. Straks frampaa er ei
sletta heiter Marasletta; her et dei og kviler.

I Kjelshusom hadde folke rømt burt i ein
avdal heiter Lordalen. Men fyrr dei for, sette
dei mat paa bordi so mykje som aatte rom.
Skottarne et og drikk og er kaate. Dei fer
umkring i husom og finn eit mjøl-kjer paa
stabbure; det tømer dei ut paa vegen. So
brenner dei upp garden og fer lenger.

Kona paa Norderhus heitte Synne; ho var
komi fra Lom og gift dit. No er ho med barn.
Alle dei andre rømer, men ho vil ikkje; ho vil
vera att og sløkkja, segjer ho, naar skottarne
kjem og set verme paa. Ho gjeng inn i laaven og
gjøymer seg. Skottarne kjem, men dei finn henne
ikkje. Og den garden vart helder ikkje brend.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free