- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
25

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa Bjøkne hev dei rømt og teke med seg
det dei kunde fanga ihop. Daa hugsar kona
nokre dyre ting som ligg att heime; ho snur
attende og finn fat i dei. Som ho spring ut
or tune, ser ho ein flokk skottar kjem; men ho
kom undan.

Ein gard heiter Finnvord, mannen Trond.
Han hadde fenge saman ein flokk med lesjingar
og vilde møta fienden. Men daa dei tok til aa
telja seg, vart dei modlause. So veit han ikkje
anna aa gjera enn aa setja fram paa bordi nokre
haugar med mat og drikkan. Sjølv gjeng han
upp paa ein bakke og set seg og ser ned i
garden; og kona hans sat ved sida. Skottarne
kjem og baade et og drikk. So leitar dei att
og fram i husom, men finn ikkje anna en ei
kviga, som stend bak fjosdøri. Dei høgg av
henne alle føterne. So gjer dei upp verme i
eit uthus og fer ifraa. Men vermen slokna att
av seg sjølv. Det borde som Sinklar aat ved
var til i 1840.

Naar dei fann mat framsett, so var dei
rædde at han var forgifta, og gav hundom sine
fyrr dei aat sjølve.

So for dei fram. Og folke rømde undan,
alle som kunde; dei stod uppaa høgdom og
knausom og saag paa at gardarne brann.
Kvinnfolk og born gret. Daa ropa skottarne: »Sjaa
fjellkattarne, — naar lande er teke skal me
koma att aat dykk!«

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free