- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
35

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 35 —

for straks nordpaa renn Otta attaat, ho kjem
fraa Vaagaa og Lom.

Daa bønderne kom aat denne kleivi, stana
dei; det var tidleg dags. Men dei fann folk
fyre seg. Og hit kjem no folk ifraa alle kantar.
Det skulde vera bønder utor 6 prestegjeld i
dalen: fraa Ringbu, Fron, Lesja, Dovre, Vaagaa,
og nokre fraa Lom. Daa alle kom saman var
dei millom fire og fem hundrad mann.

Dei hadde ikkje stort anna en øksar aa
slaast med; mest alle vaapen som var noko tess
var ute i krig. Og attpaa alt: dei visste ikkje
tal paa fienden dei skulde slaast imot. Orde
hadde gjenge fyre skottom og gjort dei tallause.
Alle hadde høyrt um denne avbragslege heren;
ingen visste det som var sant. Det vart ei
spenning so stor at ho leita paa for mange; sume
tok paa aa murra, at det fanst ikkje raad. Men
daa gjorde dei ein lovnad: »No vilde dei standa
der dei stod. um so heile helvite kom.«

Ein bonde ifraa Ringbu heitte Per Randkleiv,
han var lensmann; han var komen der med
ringbyggjingom og frøningom. Han og Lars
Haagaa fraa Lesja tok styre.

Ein bonde til ifraa Ringbu, han heitte Arne
Gunnstad, var den sterkaste av alle. Det gjeng
store segner um styrken hans. Han hadde mest
aa segja næst desse tvo.

Det var ein or Hedalen heitte Kjell
Fjordungrein. Hedalen er ein lang avdal, som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free