- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
53

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 53 — ’

Ingebrikt Valde, han var glasmeister. Og sidan
sette han seg ned her i lande og dreiv det
handverke. Han gløymde ikkje honom Ingebrikt
so lengje han livde. Han skreiv brev aat honom
og kalla honom »livs-far« sin. Og ein gong
sende han honom ei fager gaava. Det var nokre
glasrutor, som skulde vera reint parlause. Endaa
finst det att ei ruta av desse glasom der paa
Valde. Det er inni henne brent eit bilæte; det
er ein skjold. Midt inni honom er eit merkje,
som dei trur er bumerkje hans Ingebrikt Valde.
Yver det bumerkje sviv ein engel; og han breier
ut armarne og vil liksom verja det.

Um dei hine 18 som fekk liva er aa fortelja:

Ein av dei vart med aat Veikle. Det er ein
stor gard upp ifraa Klomstad. Mannen der
heitte Ottar. Han stelte vel med fangen. Men
fangen kunde ikkje gløyma Skottland, han
ilengdest. So fekk han fara. Han kom vel
yver sjøen og naadde heim. Ei tid etterpaa
kom det seks sylvskjeier aat Veikle; dei kom
ifraa Skottland og var ifraa honom.

Ein av fangom kom aat Vaagaa. Han
var gauv kar til aa arbeida. Han fekk seg i
noko rudnings-mark og braut upp og gjorde ein
liten nett gard. Garden heiter Skottelii og ligg
uppe paa baksida.

Det var ein til som kom aat Vaagaa. Der
var han paa ein gard og arbeidde. So var det
ein gong mannen vilde til skogs og tok med seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free