- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
9

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

9

fraa Norig saman med mange av Dansekvadi.
Nokor Skildring av Dansen i Norig i dei
Tidir finst det ikkje, det eg veit; men Rudolf
Keyser maa ein tru er komin det rette so nær
som Raad er, naar han i Boki si um
«Nordmændenes Forlystelser i Oldtiden» skriv: «Det
ser ud, som der til Nordmændenes Dans i gamle
Dage ikke har været brugt Instrumenter; men
Sang hørte til. Der dansedes til selvlavede
Viser af forskjelligt Indhold. Disse Kvad blev
kaldt «Dansar», og de som dansede har ved
Miner og Bevægelser fulgt det som sunget blev.»
Han gjeng ut ifraa, som me ser, at Dansen «i
gamle Dagar» hev vori den same i Norig som
han enno er paa Færøyane.

Mange av Folkevisune vaare gjeng i same
Takt som Dansekvadi paa Færøyane, og hev i
dei fyrste Tidir vori brukte til Dans liksom
Fær-øykvædi.

Folkevisedansen fær ein rekne med til
Leik-dansane, endaa dei Sogudikti han gjekk etter
jamt tok Songdansvisur (Stev) upp i seg (til
Fylgjestev eller Umkvæde). Desse Folkevisune
ser ut til aa vera uppkomne, eller daa visst aa
ha naatt si Høgd, her i Nord-Landi. Merkande
er det og, at Innverknad nordanfraa skal vise
seg i mange skotske, engelske og nederlandske
Visetonar; derimot skal der i nordisk Visemusik
ingin keltisk Innverknad vera aa sjaa.

I dei eldste Fraasegnir um Live i Nord-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free