- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
14

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Den einaste Staden der Kvaddansen hev
haldi seg uppe er daa Færøyane. Der er han
enno den gode Moro og friske helsesame Itrott
som han alltid i seg sjølv var. Alle Fraasegnir
fraa Færøyane stadfestar dette.

Soleis les me i den fyrste Boki som er prenta
um desse Øyane, «Færøernis oc færøiske
Indbyggeris Beskrifvelse» av Lucas Debes (Khvn.
1673): «De ere ikke genegne til megen unyttig
Tidsfordriv eller forfængelig Lystighed, men mest
forlyste sig med Salmer at sjunge Dagen
igjennem. Men ellers udi deres Brølluper og udi
Juledagene forlyste de sig med nogen eenfoldig
Dant/., udi en Kretz, havende hverandre fat om
Haanden og siungende nogle gamle
Kiæmpe-viser. Men forargelige Lege paa de Tider at øve
vide de intet af.» Det same Vitnemaal gjev og
dei som seinare hev skrivi um Dansen paa
Færøv.

Men kva denne «eenfoldige Dantz» hev vori
for (lei einslege Øybuane, det fær ein ei
Meining um, naar ein er der burte ei Stund og set
seg inn i Liv og Livsvilkaar.

For det fyrste hjelpte denne Leiken deim
til aa halde seg friske, hugfriske og kroppfriske,
i den lange Vintertidi, (laa Storm og Uver ofte
tvinga deim til eit Inneliv som lite høvde for
Fjellfolk og Sjøfolk. Mange vandskelege Tilhøve
hev dei og elles gjenom Tidine havt aa stridast
med, som gjorde det godt for deim aa hava slik

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free