- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
15

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

ein god Leik til Hugletting og Tankespreiding.
Men samstundes vart Visedansen som ein
Skulegang for Baan og Ungdom.

Gjenom den kom dei inn i den store
Segn-og Sogudikting som daa raadde Grunnen, baade
den nordiske og den som kom til Øyane
Sunnan fraa gjenom framande Sjøfararar. Det vart
mange Dansekvad av dette. Og helst valde
Diktarane slike Emne som gav Tilføre til aa kveda
um gode og store Kjenslur, Manndom og Mod,
Truskap og Æreferd, Riddarhug og Sjølvofring
i Kjærleik og Venskap alt inn i Dauden; men
for den rædde og den som sveik ein Ven i Naud
var der ikkje Refsing streng nok.

Det folkelege Skjemtevit vart og gjenom
Dansen løyst gjenom løglege Stev og Spottevisur.
Ein vanleg Maate aa refse ein Mann paa, naar
lian hadde fari rangt fram, var at tvo handfaste
Karar tok han imillom seg i Dansen, og tvinga
han til aa danse med, etter Spottevisur som var
dikta um han og no vart songne. Eller dei som
dansa dikta Nidstev um han og lét desse Stevi
hagle nedyvi Syndaren, til dei tykte han kunde ha
fengi nok. Stakkaren hadde ikkje anna aa gjera
enn aa bite ifraa seg so godt han kunde; og dermed
var daa Saki avgjord. At Færingane enno hev
denne ovundsverde Braadiktingsgaava høyrde eg
sjølv paa, daa eg var der burte (Sumaren 1902).

Eit av dei kjendaste Spottekvad fraa nyare
Tid er «Fuglekvæde» av den folkekjære Dik-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free