- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
19

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

19

skyna snart, at skulde eg rett faa Tak paa Lage
med denne Dansen, so maatte eg sjaa han. Eg
for daa til Færøyane; og endaa det var midt
paa Sumaren, daa Færingane aldri plar danse,
var dei snilde imot meg og fekk steilt til Dans
fleire Gongir, so eg fekk vera med. Det laga
seg so vel, at me fekk med eit Par Visekvedarar
og Fyridansarar som av alle vart rekna til dei
beste paa Øyane. Eg vart sterkt teki av
Dansen fraa fyrste Stund, endaa han syntest
meg underleg og mest vill, so lengi eg ikkje
skyna Kvadi. Men daa eg fekk desse
gjenom-gjengne, so eg kunde fylgje betre med, kom eg
og heilt inn i Dansen. Og eg skyna og saag,
kor fullt og sterkt dei som her var med, gav
seg yvi i Leiken og i Songen; dei kunde kveda
og danse Time etter Time og vart ikkje trøytte.
Det var som Framføringi vart sterkare og meir
livfull di lenger det leid. Eg var tilslutt so
trøytt at cg seig reint ihop, ovundsjuk, maa eg
segja, yvi so mykje Sprett og Spenn; og eg saag
i Tankane ein vanleg Mode-Balsal fraa Byane
vaare, med ungt Folk som bleike og stynjande
sig ned i Sofabenkir og Stolar, naar dei hev
dansa tvo Gongir rundt Golve, og ikkje hev so
mykje som opna Munnen eingong. Og her sat
ingin rundt Veggine og geispa; alle var med,
gamle som unge. Ja dei gamle syntest tidt dei
beste, baade i Songen og Dansen. Og barnsleg
Glede og huglegt Mod lyste av alle Andlit.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free